søndag 30. desember 2012

Kakehelg...

 
Så enkelt.
Så dekorativt.
Så ufatteleg irrterande med karamell under sokkane.
 

lørdag 29. desember 2012

Makronmysteriet - oppklart?

Noko frustrert over haugevis med mislykka makroner,
uansett kor nøyaktig eg følgte oppskrifta,
og kor mange demo-filmar av blandeprosessen eg kikka på,
kunne eg ikkje anna enn å halde fram til eg fann løysinga.
 
Og kan løysinga vere så enkel...?
 

fredag 28. desember 2012

Kjære, dyktige, makronkonge Pascal.

Kjære Pascal,
vil du vera så snill å besøka meg?
Eg kan laga kaffi.
Eg kan skålda og mala mandlar til deg.
Eg kan stryka kokkelua di.
Men ver så snill å kom å lær meg å lage makroner.

torsdag 27. desember 2012

Ein hund etter kjeks...


Vel.
Det har seg slik at eg kom over ei oppskrift på hundekjeks.
Så då blei det slik.
 

lørdag 22. desember 2012

"Når ein pepperkakebaker"...


 
... eigentleg ikkje er særleg glad i pepperkaker,
anna enn når dei er heilt nysteikt?
Men synes pepperkaker likevell er den ultimate smaken og lukta av jul?
Då lagar ein pepperkakemuffins då vel!
Om ein i tillegg har valgt å importera utstikkar til ein miniminimini-peppperkakemann frå Sverige,
sidan ein likevell skulle bestilla hundekjeksutstikkar (sjølvsagt), så har ein eigentleg ikkje noko anna valg enn å lage desse.
 

onsdag 19. desember 2012

Munkar!

 
Har du snubla over ei merkeleg panne heime i skapet hennar mor?
Eller bestemor?
Ei jernpanne med "hol" i?
Då kan det tenkast at det er eit munkejern!
Er du så heldig å ha tilgang på eit munkejern,
garanterer eg deg at den kan gje deg fleire gleder enn at den ser fin ut!
 
Trykk deg vidare for oppskrift!

mandag 17. desember 2012

Brente mandlar!




'Tradisjon' er nok eit stikkord mange vil knytte til jula.
Tradisjonsmat.
Tradisjonell pynt.
Familietradisjonar.
Her i huset er såre fingertuppar tradisjon.
Og det blir ikkje jul utan restar av knekk under føttna!
 
Brente mandlar!
Farleg (og) godt!
 
Trykk deg vidare for ei oppskrift eg er veldig nøgd med!

søndag 16. desember 2012

Tapasribbe!

 
 
Smak av Asia?
Smak av jul?
Spennande alternativ til den vanlege svineribba!

søndag 9. desember 2012

Bringebærkyssa skumbollar?


Har du nokon gong hatt så lyst på noko,
at du oppi det heile gløymer kva du ville ha, eller kvifor,
fordi du verker slik etter å få tak i det...?
Mi jakt på frysetørka bringebær utvikla seg litt slik.
 
Trykk deg vidare for ei detaljert skildring av ei av velstandlivets utfordringar...



lørdag 8. desember 2012

Kransekakepletter!


Gylden.
Sprø utapå.
Seig inni.
God med sjokoladetrekk.
God til is.
Ein klassikar til høgtid og fest.
Og med litt juks - ein kjapp godbit til kaffikoppen!
 
Trykk deg vidare for litt kranskekakeprat...

mandag 3. desember 2012

Arme riddere!


Halvgammal brød i skuffa?
Lyst på noko godt, som også mettar litt?
Kanskje arme riddarar kan freiste?

Kvardagsmagi...

 
 
 
Det magiske ved ein kopp med noko varmt og godt!
 

torsdag 29. november 2012

Kokosmakroner!

 
Søte, gode, enkle og kjappe å lage!
Kokosmakroner.
Ein klassikar blant julekakene?
 

mandag 26. november 2012

Stompekaker!

 
Lunka stompekake med honning og brunost.
Attåt ein kopp med noko varmt og godt.
Sitjande i sofakroken under eit teppe.
Etter ein frisk tur i ruskete vær.
Det må vere definisjonen på herleg kveld!
 

fredag 23. november 2012

Hissige kjøttbollar!


 
Spanske kjøttbollar?
Tapasbollar?
Kjøttbollar?
 
Eller enkelt og greit hissige kjøttbollar,
med haugevis av moglegheiter!

mandag 19. november 2012

Ein elefant kom marsjerande...

...bortover edderkoppens fine spinn.
Syntes at vegen var så interessant,
at han...valgte å setja seg midt på kaka til vesle Nicoline.
 

søndag 18. november 2012

Hinkel pinkel i sommarfugl-land!

 
 
Sommarfugl.
Knæsje fargar.
Hinkel pinkel.
 
Kake til ein liten Isak sin namnefest.
 

fredag 16. november 2012

onsdag 14. november 2012

tirsdag 13. november 2012

Kjærleik og kake!

 
Kvit.
Lys lilla.
Orkidear.
Roser.
Ei kusine som gifter seg og ønskjer seg hjertekake.
 
Trykk deg vidare for fleire bileter...

søndag 11. november 2012

lørdag 10. november 2012

P for pappa!


 
 
Tid for farsdagskaketips 2!
I dag kjem min pappa sin favoritt.
Kjekskake!
Eller delfiakake som nokon kallar det.
 

onsdag 7. november 2012

Forsmak på jula...

 
Når ein byrjar å jakte i botn av skuffa...
Kjører heim til mor og leitar innerst i skapet...
Gjentek diskusjonen om haldbarhetsdato, igjen...
Og kjører heim med eit knippe krydderposar frå...,
vel, la oss seie det slik at dei blei ikkje produsert i år.
DÅ nærmar det seg jul!
 
Kanel, allehånde, muskat, nellik...
Mmmm - det luktar jul i huset!
 
Trykk deg vidare å få ein liten forsmak på jula du og!

tirsdag 6. november 2012

Deig til heving!

Sesamsnurrar!
 

Ingenting slår rykande ferske, nysteikte rundstykker...
Så la oss setje ein deig til heving!

søndag 4. november 2012

Haustleg bryllupskake!

 
Hortensia.
Natur.
Varme haustfargar.
Lillatonar.
 
Det var stikkorda for ei bryllupskake eg fekk lage nyleg.
 
Trykk deg vidare for fleire bileter...

torsdag 1. november 2012

Te!


Kjøleg sommarkveld.
Ruskete haustdag.
Kald vintermorgon.
Å kosa seg med ein kopp te kan vere eit aldri så lite høgdepunkt i kvardagen.
Lag deg ein god kopp te,
varm hendene, kos deg, og nyt!
 
Trykk deg vidare for litt meir te-prat...

onsdag 31. oktober 2012

Franske makroner!


Tre.
Intet mindre enn tre rundar bossa eg før eg blei nokolunde nøgd.
Runde ein var eg naiv optimist.
Runde to var eg irritert.
Runde tre var konkuranseinnstinktet tent!

...runde fire og fem? Kjem seg!
 

mandag 29. oktober 2012

Kaker til to små jenter!

Emilie og Ida Victoria.
To små tuller er døpt.
Ei stor ...tulla (les: meg...) var så heldig å få lage kake til dei!
Jentekaker.
Rosa kaker.
Søte kaker til garantert søte jenter!
 
 
Bileter finn du om du trykker deg vidare...


søndag 28. oktober 2012

Muffins, rett og slett!

Mammapermisjon.
Glad i å bake.
Blogg.
Klart det måtte dukke opp muffins!
Eller cupcakes om du vil!
 

Muffins! Cupcake! Kaloriar med kaloriar på!

fredag 26. oktober 2012

onsdag 24. oktober 2012

Fleire dåpskaker...

 Namn.
Fornamn. Mellomnamn? Etternamn.
Mange av oss velgjer å markere at desse småtrolla våre har fått namn.
Eller berre at dei er til.
Gjere stas på desse nye dyrbare skattane.
Eller berre eit ønskje om å samle familie og nære.
Familiemiddag. Namnefest. Dåp.
 
Eg er så heldig å ha fått lage ein del kaker til venner og bekjente
som skal markere deira søte små.
Same kva ein velgjer å kalle markeringa, eller kva du legg i det,
ei kake høyrer vel med...!
 

tirsdag 23. oktober 2012

Kaffikaviar! Faktisk.

 
Av alle rare ting ein kan fnne på.
Av all fin, spenstig og ikkje minst GOD pynt ein kan lage.
Eg valgte å lage kaffikaviar.
Eller små kaffigelè-kuler om du vil.
Eller, rumpetrollegg som søstra mi fekk assosiasjonar til...

mandag 22. oktober 2012

Hjerta for raudvin!

 
Sjokolade.
Raudvin.
Raudvin og sjokolade.
Sjokolade MED raudvin!
 
Det burde bli ein vinnar!
 

lørdag 20. oktober 2012

Søt pastell draum...

 
Søte makroner.
Søte bringebær.
Søt og syrleg lemoncurd.
Søt pastell draum...
 
Trykk deg vidare og sjå om eg klarer å friste deg...

torsdag 18. oktober 2012

Bryllupskake inspirert av Maggie Austin

"Ruffles".
Enkel eleganse.
Imponerande detaljar.
Kaker som tek pusten frå deg
 - iallefall frå meg.
Maggie Austin sine kaker er enkelt og greit imponerande.
 
Så kva i all verden gjer ein då,
når ein blir spurt om å lage ei kake inspirert av ei av Maggie Austin sine kaker?
Eg svarte ja, utan å nøle!
Så skjønte eg i ettertid kva eg hadde gjort...
Snakk om å ta seg vatn over hovudet.
Men, ein kan vel ikkje anna enn å henge med sin eigen naive optimisme?
Så eg byrja å glede meg til oppdraget!
Resultatet blei ikkje så heeeilt gale, synes eg...
 
 
Trykk deg vidare om du vil sjå meir av kaka!

onsdag 17. oktober 2012

Kort og godt!

Her kjem mitt kortaste innlegg sålangt.
Kort fordi det ikkje treng seiast så mykje om det.
Godt fordi - fordi det er nettopp det det er!
Kort og godt!
 
Men langt nok til at du må trykka deg vidare for å komma til poenget mitt...

tirsdag 16. oktober 2012

Bringebærlimonade!


Søtt og syrleg,
med ein freistande raudrosa farge.
Leskande.
Forfriskande.
Smak av sommar - heile året.
Og faktisk raskt og enkelt å lage!

La deg freiste med fleire bileter og oppskrift...

mandag 15. oktober 2012

Ein bestevenn blir døpt!

 
Me er så heldig å ha fleire rundt oss som er heime i permisjon.
Fine kaffifrøkner til mor,
og ein gjeng med herlege vennar til knerten.
Han har riktignok ikkje lært seg å setja pris på dei heilt endå...men det har mor!
Og når ein liten venn skal døypast,
då er det klart han må få kake!
 
Fleire bileter finn du om du trykker deg vidare...

søndag 14. oktober 2012

Digresjon...og varm lykke i koppen!

 
Enkelte dagar kan ein ikkje gjere anna enn å nyte.
La mat(-blogg) vere mat(-blogg),
og la drikke vere, vel, drikka kjem me tilbake til.
Ut i sola, ut på tur!
Eg er faktisk heilt nødt til å vie dagens innlegg til denne nydelege haustdagen.
Ein digresjon frå det eg eeeigentleg skriv om,
men det er no tross alt bobla mi!
Min morgon (som blei til formiddag) gjennom mobil-linsa!
For kamera legg me sjølvsagt trygt att heime...
 

lørdag 13. oktober 2012

Ferske rundstykker i ein fei!

 
Lunsj i haustsola?
 
At alt smakar betre ute i naturen er ikkje til å komme unna.
Sjølv dagsgammalt brød, eller kaffi med smak av termos(...)
kan framstå som mat av beste sort når den blir ete under open himmel.
Det meiner no eg i allefall.
Termossmaken på kaffien veit eg ikkje heilt korleis eg skal bli kvitt,
men her kjem eit tips om korleis du enkelt kan gjere nistematen ENDÅ betre!
Langheva rundstykker.
Heva over natta, kjapt trilla saman, (ingen etterheving,) 
og steikt i ovnen medan du gjer deg klar til tur.
Rykande ferskt, saftig, og eit høgdepunkt på turen!
Eller terassen, der me inntok vår lunsj i går.
 
Lunsj i haustsola!
 
Enkel og grei oppskrift finn du om du trykker deg vidare!

fredag 12. oktober 2012

Kakebobla!



For tida er bobla mi fyllt med søtt.
Søt knerten.
Søtsug.
 (kaffi blir ikkje heilt det same utan noko godt attåt...)
Kaker.
Mykje kaker!
 

onsdag 10. oktober 2012

Sprøsteikt brød med lam!


Eg har fått ei venninne som heiter Wenche.
Wenche likar å lage mat tidleg tidleg om morgonen.
Eg likar å sjå på.
Og så blir eg gjerne inspirert.
Som då ho laga noko som likna på dette.
Sprøsteikt brød med lam!


 
Trykk deg vidare for fleire bileter og oppskrift då vel!

tirsdag 9. oktober 2012

mandag 8. oktober 2012

Jentete dåpskake! Og ein start.

Så, med kva i all verden byrjar ein ein blogg?
Dette burde jo vere eit forrykande fargerikt og inspirerande innlegg.
Eit innlegg som oste kompetanse på kjøkkenet,
og som inspirerte og engasjerte dei som måtte forville seg inn her.
DET hadde vore noko det!

Men, då blei det plutseleg litt stort og skremmande dette.
Eg velgjer å ikkje sjå så stort på det.
Fargar og kompetanse til sides.
Eller. Rosafargen beheldt me.
Masse rosafarge.
Og inspirasjon.
Kanskje eg kan inspirere deg til å bake ei kake!
 
 

søndag 7. oktober 2012

Vaklande første steg!


Etter først ha smaka på denne bloggverda frå sidelinja.
Så smått byrja å følgje andre bloggar trygt frå sofakroken heime.
Fri til å komme med kommentarar til han i nabosofaen,
utan å måtte stå til ansvar for dei.
Fleipa om sjølv å byrje som mammabloggar då eg skulle i permisjon,
ja kanskje til og med fleipa om å blogge om cupcake-livet som nybakt mamma...
Jepp. Så sitt eg her då.
Framleis trygt i sofakroken heime,
men denne gangen med begge beina godt planta uti den ukjente bloggverda.
Og jaggu ser eg ikkje vekk i frå at det kjem til å dukke opp ei cupcake eller to!
Berre det at eg ikkje har skjønt skilnaden på cupcake og muffins, så for meg er det framleis muffins.
Med unntak av når eg skal flotta meg, då kan eg komme til å kalle det cupcake...




Ja, for kva er no denne bloggverda?
Og kvifor i all verden skal eg opprette ein blogg?
Frå fleip til fundering, frå fundering til utforsking.
Og så – som resultat av mine mangelfulle IT-kunnskapar
og naive tru på at «ein kan vel alltids trykke seg tilbake»,
så hadde eg plutseleg oppretta ein blogg.
Ei boble. Mi eiga boble!
Draumebobla mi.
Eg ønskjer å fylle bobla mi med god mat og drikke –
bileter, inspirasjon og oppskrifter.
Eg har ein tendens til (å like) å ha mange ballar (bobler?) i lufta,
og slett ikkje sjeldan har dette med mat å gjere.
Heldig som eg er, har eg framleis nokre månader heime i permisjon med vesle Knerten vår.
Så kvifor ikkje bruke litt av denne tida på å samle litt bileter og oppskrifter her?
Så kan dei som måtte ha glede av det ta ein titt,
og kanskje bli inspirert til ein tur på kjøkkenet sjølv!


Namnet Draumebobla?
Livet som mamma i permisjon, og alt det inneber,
kjennest for meg litt som ei boble.
Å samle det eg synes er fint og godt, kjennest også litt som ei boble.
Ei lita friboble i ein kvardag ellers fyllt med gleder og utfordringar om einannan,
for meg som for andre.
Og draum? Tja, denne kvardagen eg lever i no kjennest jo litt som ein draum også.
I allefall går eg rundt i denne nye mammarolla i ein evig døs, noko underernært på søvn,
og samstundes opp over øyrene forelska i dette nye småtrollet vårt.

Men mest av alt synest eg vel berre ordet ‘draum’ er så flott.
‘Bobla’ også.
‘Draum’...
’Bobla’...
Gode ord.
Litt som 'rjomme'. Og ‘Votlo’...
Nemnde eg noko om å leve i si eiga lille boble...?


Håpar du kan finne deg til rette i Draumebobla mi, at det kan bli ei lita friboble for deg og!