torsdag 18. oktober 2012

Bryllupskake inspirert av Maggie Austin

"Ruffles".
Enkel eleganse.
Imponerande detaljar.
Kaker som tek pusten frå deg
 - iallefall frå meg.
Maggie Austin sine kaker er enkelt og greit imponerande.
 
Så kva i all verden gjer ein då,
når ein blir spurt om å lage ei kake inspirert av ei av Maggie Austin sine kaker?
Eg svarte ja, utan å nøle!
Så skjønte eg i ettertid kva eg hadde gjort...
Snakk om å ta seg vatn over hovudet.
Men, ein kan vel ikkje anna enn å henge med sin eigen naive optimisme?
Så eg byrja å glede meg til oppdraget!
Resultatet blei ikkje så heeeilt gale, synes eg...
 
 
Trykk deg vidare om du vil sjå meir av kaka!



 
Romantisk?
Rufsete?
Rufsete romanse?
Rufsete romanse høyrtes igrunn litt snuskete ut...
 
Reint og kvitt,
med duse rosafargar.


 
Sjokoladekake med bringebærfromasj, sjokoladeganache og sjokoladesmørkrem.
Marsipankake med makronbunn og bringebær.
Trekt med MMF og marsipan.



Vil du som meg måpe av dei imponerande kakene til Maggie Austin?
Du finn ein heil haug av dei om du søker på namnet hennar.

Tusen tusen takk til brudeparet som våga å la meg prøve!
ALLTID kjekt å få bake,
og kjekt å få prøve noko nytt!

Ha ein finfin dag, alle fine!

Oppskrifter kjem etterkvart.
 

2 kommentarer:

  1. Eg måpar av dine kaker Tora, du er kjempeflink! Ha ein fin dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg lage deg gjerne ei kaka, kva som helst, kortid som helst!;) Ha ein fin dag du og!

      Slett