søndag 14. oktober 2012

Digresjon...og varm lykke i koppen!

 
Enkelte dagar kan ein ikkje gjere anna enn å nyte.
La mat(-blogg) vere mat(-blogg),
og la drikke vere, vel, drikka kjem me tilbake til.
Ut i sola, ut på tur!
Eg er faktisk heilt nødt til å vie dagens innlegg til denne nydelege haustdagen.
Ein digresjon frå det eg eeeigentleg skriv om,
men det er no tross alt bobla mi!
Min morgon (som blei til formiddag) gjennom mobil-linsa!
For kamera legg me sjølvsagt trygt att heime...
 

 
 
Frost i graset.
Kald klar haustluft.
Sol som varmar.
 





 
Nokon klamrar seg fast...
Nekter å gje slepp på sommaren heilt endå!

 
Medan andre har takka for seg,
og let hausten komme.
 
 
 
Ein lang og utruleg flott tur blei avslutta med varm sjokolade.
Små, enkle grep kan gjere den gode, varme sjokoladen ENDÅ litt betre.
 
 
Oppskrift på varm lykke i koppen - sjokolade med krem:
 
Smelt sjokolade i pittelitt vatn. Ha i ei vaniljestang, ei lita (!) klype salt og H-mjelk.
(Ikkje tull det heile til med noko ekstra lett mjelk...skal det vere så skal det vere!)
Varm opp til kokepunktet.
 
Server med piska kremfløyte.
(Ver snill med deg sjølv, og ikkje gå for snarvegen med krem på boks...)
Strø over litt kanel.
 
 
Eg bruker omlag 100 gram sjokolade på 1 liter mjelk.
 
 
 
Nokon kunne tent på å byrje å bruke kamerastativet sitt...
 
 
Eg håpar du har nytt den fine helga like mykje som eg,
og at eg kanskje har klart å freiste deg til å avslutte helga med ein kopp varm sjokolade?
Ha ein fin kveld!


4 kommentarer:

  1. Eg kunne godt tenka meg ein kopp varm sjokolade her eg sitt på flyplassen i Johannesburg og frys og savner gutane mine.. Eg har lest heile bloggen din og er mektig imponert! Eg drøymde meg heilt vekk..

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt:) Håpar venting, flytur og resten av turen gjekk bra! Ta deg ein kopp varm sjokolade når du er vel heima igjen:)

      Slett
  2. Eg skal fatta meg i korthet, og har bare eit ord å sei; Kjempefornuftig!!! :) (Det går som eit ord - ellers vert det ein stygg orddelingsfeil...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjempefornuftig må no vera eit godt ord det;)

      Slett