lørdag 13. oktober 2012

Ferske rundstykker i ein fei!

 
Lunsj i haustsola?
 
At alt smakar betre ute i naturen er ikkje til å komme unna.
Sjølv dagsgammalt brød, eller kaffi med smak av termos(...)
kan framstå som mat av beste sort når den blir ete under open himmel.
Det meiner no eg i allefall.
Termossmaken på kaffien veit eg ikkje heilt korleis eg skal bli kvitt,
men her kjem eit tips om korleis du enkelt kan gjere nistematen ENDÅ betre!
Langheva rundstykker.
Heva over natta, kjapt trilla saman, (ingen etterheving,) 
og steikt i ovnen medan du gjer deg klar til tur.
Rykande ferskt, saftig, og eit høgdepunkt på turen!
Eller terassen, der me inntok vår lunsj i går.
 
Lunsj i haustsola!
 
Enkel og grei oppskrift finn du om du trykker deg vidare!


 
Oppskrift:
500 gram kveitemjøl
1 ts tørrgjær
1 ts salt
4 dl vatn
 
Bland ingrediensane raskt saman, og sett til heving over natta.
 
På morgenkvisten har du deigen over på GODT mjøla kjøkkenbenk.
Brett deigen nokre få ganger slik at du kan ta i den utan at deigen klistrar til hendene dine.
Del deigen i mindre emner (eg delte min i 8 emner) og form avlange rundstykker.
Drypp/pensle eventuelt lett over med olivenolje.
 
Legg rundstykka på steikebrett kledd med bakepapir,
og steik i ovnen på 250 grader i 10-15 minuttar.
 
 
 
Rundstykker med brie, spekeskinke og ruccola-salat.




 
Haustluft.
Haustsol.
Haustfargar.
Ein nydeleg haustdag.
 
Hausten som eg er så glad i.
 
 
Deigen til rundstykka er inspirert av dei uendeleg mange brøda
du finn på den fine bloggen 'Mat på bordet'.
Same deig som her kan du bruke til å lage fantastisk gode "no-knead-bread",
eller jernpannebrød som eg kaller dei.
Besøk www.matpaabordet.com og bli inspirert!
Er du som meg er du på veg til butikken for å kjøpe jernpanne før du i det heile tatt har klart å velgje kva oppskrift du vil prøve først...!
 
 
Håpar også DU nyt det fine haustværet!
God helg vidare!

5 kommentarer:

  1. Dei såg herlige ut! Mn kvar er knappen dr eg kan bli medlem på bloggen din? Klem

    SvarSlett
  2. Altså, det må eg sjekke opp i...! Har ikkje heeeilt funne ut av dette endå. Eg skal sjå på saken;) God helg og klem tilbake:)

    SvarSlett
  3. Då trur eg eg har fiksa det?!:)

    SvarSlett
  4. Jepp! Du får no din første fylgjar;)

    SvarSlett