onsdag 31. oktober 2012

Franske makroner!


Tre.
Intet mindre enn tre rundar bossa eg før eg blei nokolunde nøgd.
Runde ein var eg naiv optimist.
Runde to var eg irritert.
Runde tre var konkuranseinnstinktet tent!

...runde fire og fem? Kjem seg!
 


Makronene mine skulle gjevast vekk til ein marknad som samla inn pengar til eit godt formål.
Så då kunne eg ikkje vere nøgd med kva som helst!

Dette lærte eg:
- Finn ei god oppskrift! (Konklusjon runde 1)
- Makroner skal IKKJE steikast på varmluft! (Konklusjon runde 2)
- Ikkje ver FOR forsiktig når du blander, røra kan bli for fast! (Konklusjon runde 3) 

 
- Me skulle hatt tidslås på kjøleskapet... Konklusjon runde 4. Og 5...

 
Makroner med vanilla bean frosting (høyrest så mykje flottare ut enn vaniljesmørkrem...)
og eit syrleg lite høgdepunkt
- ein dråpe lemon curd i midten!

Du kan fylla makronene dine med det du måtte ønske.
Smørkrem?
Sjokoladekrem?
Syltetøy?
Eller som eg altså gjorde her,
vaniljesmørkrem med ein dråpe lemon curd i midten.

Som det meste anna synes eg makronene er best nylaga!
Dei kan også fint oppbevarast i 2-3 dagar i kjøleskapet,
eller frysast og tinast ved behov.
Og slike plutselege behov har eg vel vore inne på før at kan komme brått og uanmeldt.




Desse makronene nytta eg også til kaka i innlegget "søt pastell draum".
 
 
I dagane framover står orkidear i hovudet på meg!
Prøvde meg på ein marsipanorkide i går, som eg skal bruke til ei kake.
Har du nokon gong studert ein orkide? Utruleg fasinerande blomst...
 
Ha ein fin dag!

-------------------------------------------------------------------------------------

Sjølv om eg rota i starten kan ein like gjerne få dei perfekt på første forsøk!
Prøv då vel!
Oppskrift på biletet under.

 

Eg lagar mandelmjøl sjølv. Då skolder eg mandlar, og tørkar dei skolda mandlane 15 minutter ved 100 grader i ovnen. Så maler eg dei, og tørkar dei malte mandlane endå ein gang i 30-60 minuttar på 100 grader i ovnen. Til slutt maler ein mjølet ein gang til - eller som eg gjorde, "moste" det ved å ha mjølet i ein brødpose og kjevle over til mjølet blei fint.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar