fredag 26. oktober 2012

Gulrotsuppa!

 
Sunt?
Enkelt.
Godt!
 
Kjapp middag med mykje god smak!
 


 
 
Tanke.
Frø.
Spire.
Plante.
Spenning.
Og så, gode veker seinare,
mine heilt eigne gulrøtter!
 
Gulrøtter rett frå eigen hage.
Så enkelt at sjølv eg fekk det til.
Eg som på ei god veke kunne fått ein plastblomst til å visne. 
Så godt at ein kan komme i skade for å ete dei opp på veg frå hage til kjøkken.
Om nokre gulrøtter overlever turen til kjøkkenet,
vil eg på det varmaste anbefale å prøve ut ei gulrotsuppe!
 
 
 
 
  
 
 

Forbered grønnsakene om kvelden.
Kok grønnsakene møre medan du et frukost.
Så er det berre å varme opp igjen og
mose grønnsakene saman med resten av
ingrediensane når du kjem frå arbeid.
Middag i ein fei!
 
Sunt! Enkelt! Godt!
Ha ein fin fredag,
og kjør forsiktig på ferske vintervegar!
 
 
----------------------------------------------------------------------------------
Oppskrift på biletet under!
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar