mandag 22. oktober 2012

Hjerta for raudvin!

 
Sjokolade.
Raudvin.
Raudvin og sjokolade.
Sjokolade MED raudvin!
 
Det burde bli ein vinnar!
 


 
Eg snubla over ein amerikansk blogg der bloggfrøkna hadde laga seg
konfekt fyllt med raudvin ganache.
Eg skjønte eg var solgt.
 
No skal eg ikkje ha på meg at eg konsumerer dei heilt store mengdane alkohol...
Men at eg kan sjå lykka i eit glass med raudt?
Absolutt!
Og raude dråpar i kombinasjon med sjokolade kan gjere meg beint fram lykkeleg.
Så, å putte raudt INNI sjokolade,
det høyrtes for meg enkelt og greit riktig ut.
 
 
Sjokolade og konfekt er eit skummelt område synes eg.
På mange måtar.
Eg prøvde meg mellom anna på temperering her for ei tid tilbake, utan hell...
Rikitgnok tok eg meg ikkje bryet med å bruke termometer. Ein bør då vel kunne SJÅ kortid sjokoladen er 27 grader.
Og kortid den er kjølt ned til 24 grader. (Eller kva det no var.)
Ikkje? Nei.
 
Så, mine konfektbitar er laga på enklaste vis!
Det mest avanserte med dei er den reduserte raudvinen.
Noko som overhode ikkje er avansert.
Altså. Enkelt og greit! Og godt!
 
 
 

 
Med den reduserte raudvinen og den mørke sjokoladen,
 kan ein ikkje eingang skuldast for å vera usunn.
Så desse må vera lov kortid som helst,
også på ein mandag!
Perfekt til ein kopp god kaffi!
Utfordringa er berre å stoppe etter ein.
Eller kanskje å droppe den til frukostkaffien.
Heller spare den til formiddagskaffien...
 
 
Ønsker deg ein flott dag!



------------------------------------------------------------------------------
 
Konfekt-lage-humør? Oppskrift på raudvin ganache finn du på biletet under!
Tipper den også vil setje ein eksklusiv vri som fyll i sjokoladekaker?


 
"Smør" enkelt og greit små konfektformer med smelta sjokolade.
Eg brukte ein pensel for å få det jamt.
La dei avkjøle nokre minutt så sjokoladen stivnar, og fyll i raudvin ganache.
Ha eit lag med smelta sjokolade over slik at du "lukker" hjerta.
Så enkelt!

 



4 kommentarer:

  1. Hei! Desse såg veldig gode ut, og perfekt som jolapresang til tanter som har alt, men som elskar raudvin og likar sjokolade!
    Difor har eg to spørsmål:
    1. Kva heiter raudvinen du har brukt? Søkte litt på polet sine heimesider, men vart ikkje heilt klok...
    2. Kor mange små sjokoladar vert det av ei slik oppskrift?

    SvarSlett
  2. Hei! Høyres ut som dette kan vera ein ypperleg presang til tantene dine då ja:) Høyres igrunn også ut som fornuftige tanter med god smak;)

    1. Eg veit faktisk ikkje kva raudvin eg nytta her. I og med at ein treng så lite tenker eg det er topp å lage om ein har ein liten rest ståande, (meir eller mindre) uavhengig av type raudvin? I og med at ein koker inn raudvinen vil den uansett miste ein del av sin opprinnelege smak, og utifrå min ikkje eksisterande vinkunnskap(...), vil eg då tenkje at type vin ikkje er det viktigaste akkurat i denne oppskrifta. Evt. kan du spørre om råd på vinmonopolet? Dei pleier vere flink å hjelpe og kan heilt sikkert anbefale noko framfor noko anna!

    2. Eg laga her berre 8 konfektbitar og hadde rikeleg med ganache til det. Tenkte desverre ikkje over nøyaktig kor mykje eg hadde, eller kor mange eg kunne hatt nok til. Eg vurderer å lage ein "bloggkalender", og å lage ein runde til i samband med det. Så, om du følgjer med vidare så skal eg prøve å vere meir spesifikk i måla mine då! Men, om eg skal TIPPE, kunne eg nok ha laga, tja, 15 små konfektbitar med den mengda ganache?

    Lykke til med sjokolademakinga!:)
    Eit lite tips: Eg brukte relativt store hjerteformer (5x4cm). Vil anbefale å heller bruke mindre former, då det blei litt voldsomt når konfektbiten var så stor!

    SvarSlett
  3. Takk for godt svar! Mitt neste spørsmål er då korleis ein reduserer raudvin... eg har skjønt at det er å koka han, men kor lenge? Mi erfaring med raudvin er ikkje so veldig mykje å skryta av, skjønar du.. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det lurte eg og på:) Så igjen, mitt svar er noko svevande men det eg gjorde var å koke til omlag halve mengda. Oppskrifta eg tok utgangspunkt i nytta "rein" ubehandla raudvin, så du kan også prøve å berre droppe reduseringa. Eg valgte å redusere vinen med ein tanke om at det skulle gjere raudvinsmaken noko meir tydleg i ganchen.
      Prøv deg fram, og lag gjerne ein prøveomgang før du lager dei du vil gje vekk!

      Og gje gjerne ein lyd korleis det går!:)

      Slett