mandag 8. oktober 2012

Jentete dåpskake! Og ein start.

Så, med kva i all verden byrjar ein ein blogg?
Dette burde jo vere eit forrykande fargerikt og inspirerande innlegg.
Eit innlegg som oste kompetanse på kjøkkenet,
og som inspirerte og engasjerte dei som måtte forville seg inn her.
DET hadde vore noko det!

Men, då blei det plutseleg litt stort og skremmande dette.
Eg velgjer å ikkje sjå så stort på det.
Fargar og kompetanse til sides.
Eller. Rosafargen beheldt me.
Masse rosafarge.
Og inspirasjon.
Kanskje eg kan inspirere deg til å bake ei kake!
 
 


Ei lita tulle skal døypast.
Og eg fekk æra av å lage ei kake!
Mammen og pappen til litle tulla ønskte ei jentete kake,
med eit lite dåpsbarn på toppen.
 
 
 
 
Mathea. 
Min første marsipanbaby!
 
 


Marsipankake med rørte bringebær og vaniljekrem.
 Friskt og søtt og godt.
Mitt favorittfyll!



 
 
Litt planlegging,
litt tid,
og ein dæsj med tolmodighet
- så har du plutseleg ei slik kake du og!
Og om du ikkje er lysten på å lage sjølv,
så er det heilt sikkert nokon vennar eller familie som blir glad for å lage ei slik kake til deg!
EG blir iallefall alltid hoppande glad for å få lage kaker!
 
 
 
 Ha ein finfin dag!
 
 
 
--------------------------------------------------------------------
 Har DU lyst å lage ei marsipankake?
Oppskrift på sukkerbunn finn du på biletet under.
 
 

2 kommentarer:

  1. DU er knallflink Tora!! Skal leita lenge etter finare marsipanbaby :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Kjekt å få leike på kjøkkenet:)

      Slett