tirsdag 23. oktober 2012

Kaffikaviar! Faktisk.

 
Av alle rare ting ein kan fnne på.
Av all fin, spenstig og ikkje minst GOD pynt ein kan lage.
Eg valgte å lage kaffikaviar.
Eller små kaffigelè-kuler om du vil.
Eller, rumpetrollegg som søstra mi fekk assosiasjonar til...


 
Godt?
Vel. 
Smaksløkane mine er litt motstridig mot gelantin.
Morro?
Underholdning på heilt nye høgdar!
Snakk om å få leike med maten!
Dekorativt?
Sjå og døm sjølv...
 
 

 
Min kaffikaviar fekk pynte opp sjokolademousse med krem,
laga til vesle knerten vår sin 6-månader-dag.
Eg vil påstå eg er flink til å finne gode grunnar til å lage noko søtt... 
 
Kaffi i gelèform var kanskje ikkje min favortt,
sånn smaksmessig.
Men, idèkverna blei satt i gang og eg kan lett sjå for meg å vidareføre dette til andre smakar.
Små syrlege og fargerike gelèkuler til å live opp ein fromasj?
Eg prøver garantert igjen.
 
 
 
Ha ein finfin tirsdag!
 
----------------------------------------------------------------
 
Om du som meg ser morroa i å leike med maten, og har lyst å prøve deg på kaffikaviar,
 finn du oppskrifta her på den fargeglade bloggen www.sprinklebakes.com.
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar