mandag 29. oktober 2012

Kaker til to små jenter!

Emilie og Ida Victoria.
To små tuller er døpt.
Ei stor ...tulla (les: meg...) var så heldig å få lage kake til dei!
Jentekaker.
Rosa kaker.
Søte kaker til garantert søte jenter!
 
 
Bileter finn du om du trykker deg vidare...



 
 
Mammaen til Emilie ønskte ein liten baby i dåpskjole på kaka.
Og sløyfer!
 





 
Mammaen til Ida Victoria hadde sett ei "skokake" eg hadde laga før,
og ønskte seg ei liknande.
 
Begge kakene er marsipankaker med bringebær og vaniljekrem.
 
Takk for at eg fekk lage kakene!
ALLTID kjekt!
 
 
 
I dag fyrer me i vedovnen for første gang denne sesongen!
Fyr i ovnen,
god morgen norge på tv,
 og ein fornøyd liten Knerten som ligg å funderer over dette rare som foregår inne i ovnen.
Dette ligg ann til ein fin mandag for meg,
håpar også DU får ein kjempefin start på veka!
 

1 kommentar: