tirsdag 9. oktober 2012

Lemon curd - syrleg godteri!

Solgult.
Syrleg.
Søtt.
 
Trykk deg vidare for fleire bileter og oppskrift...

Herleg smidig...


Ypperleg i kaker, makroner, på skiva, eller kanskje i jogurten din?
Og best av alt
- forutan å kreve litt tolmod, er den lett å lage!

Nei vent!
Det var ikkje det beste av alt.
Det BESTE av alt er at den kan frysast!
Ha curden over i ein liten plastboks med lokk, putt i frysen,
og ha tilgang til denne gule skatten når behovet PLUTSELEG melder seg.
Ja, eg er plaga med at slike behov plutseleg melder seg. Heilt plutseleg... Ofte.
Curden vil ikkje bli hard i frysen,
noko som gjer det lett å forsyne seg med kun den mengda ein treng.
Så ikkje ein dråpe går til spille!



Min tirsdag inneheld mellom anna lemon curd, friske søte bringebær,
og massevis av egg, sukker og mjøl...
Forutan dei vanlege ørten "lille petter edderkopp"-rundane, bleieskift,
klissane våte babysussar/"kanskje eg kan eta mammo mi"-ar, trøtt mamma lengtar etter neste kaffi,
 og iherdig forsøk på å unngå å sjå alle kle som burde leggast saman.
For det er litt av det og. Innimellom kakedraumane mine!
 
Ha ein fin tirsdag du og!
 
----------------------------------------------------------------------
Om du har lyst å lage lemon curd finn du oppskrift på biletet under.
Lykke til!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar