onsdag 10. oktober 2012

Sprøsteikt brød med lam!


Eg har fått ei venninne som heiter Wenche.
Wenche likar å lage mat tidleg tidleg om morgonen.
Eg likar å sjå på.
Og så blir eg gjerne inspirert.
Som då ho laga noko som likna på dette.
Sprøsteikt brød med lam!


 
Trykk deg vidare for fleire bileter og oppskrift då vel!


Sprøsteikte skiver.
Gjerne det beste brødet i skuffa.
Eller det du gløymde, som har blitt litt tørt.



Fargeglad rosenkål.
Fersk!
For all del, kjøp fersk.
Den er ein heil haug betre enn frosen.

Og mykje sopp.
Gjerne sjølvplukka kantarellar.
Eller sjaminjong frå butikken, som eg valgte her.
Valgte... Ikkje det at alternativet var å bruke sjølvplukka.
Til det har eg i år vore litt for flink å finne unnskyldningar
til ikkje å komme meg ut i skogen saman med min soppglade pappa.


 

Rause skjeier med mild soppstuing.
Saftige munnfullar med lammeskav.
Ein snerten topping av bittersøte tyttebær.

Ein varm lunsj ein dag du har lyst på noko godt?

Eller ein smakfull kvelds ein ruskete haustkveld.
Gjerne med noko raudt og godt i glasset!

Har du også lyst på ei venninne som Wenche?
Du finn ho smilande og vennleg på God morgen Norge, kvar einaste morning.
 
 
Ønsker alle ein strålande haustdag - i ruskeværet!
Perfekt dag å pakka seg inn i regnkle og ta seg ein frisk, blaut og fin tur i regnet!


------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrift på biletet under! Eg har ikkje oppgitt mengdar av dei ulike ingrediensane.
Tilpass det slik du vil, berre husk mykje av alt det beste!
 

2 kommentarer:

  1. Eg synes du klarar deg bra med denne blogginga så langt :) Kjekt å lesa og verta inspirert som du seie!

    Ps. Kjekt å sjå at det er fleire som er vorte god veninne med Wenche, var nemlig litt usikker på kor mange som synes det er dumt å gå glipp av Wenche om morgonen:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å putla med! Og så har ein ein god grunn til å styra litt ekstra på kjøkkenet;)

    SvarSlett