søndag 7. oktober 2012

Vaklande første steg!


Etter først ha smaka på denne bloggverda frå sidelinja.
Så smått byrja å følgje andre bloggar trygt frå sofakroken heime.
Fri til å komme med kommentarar til han i nabosofaen,
utan å måtte stå til ansvar for dei.
Fleipa om sjølv å byrje som mammabloggar då eg skulle i permisjon,
ja kanskje til og med fleipa om å blogge om cupcake-livet som nybakt mamma...
Jepp. Så sitt eg her då.
Framleis trygt i sofakroken heime,
men denne gangen med begge beina godt planta uti den ukjente bloggverda.
Og jaggu ser eg ikkje vekk i frå at det kjem til å dukke opp ei cupcake eller to!
Berre det at eg ikkje har skjønt skilnaden på cupcake og muffins, så for meg er det framleis muffins.
Med unntak av når eg skal flotta meg, då kan eg komme til å kalle det cupcake...




Ja, for kva er no denne bloggverda?
Og kvifor i all verden skal eg opprette ein blogg?
Frå fleip til fundering, frå fundering til utforsking.
Og så – som resultat av mine mangelfulle IT-kunnskapar
og naive tru på at «ein kan vel alltids trykke seg tilbake»,
så hadde eg plutseleg oppretta ein blogg.
Ei boble. Mi eiga boble!
Draumebobla mi.
Eg ønskjer å fylle bobla mi med god mat og drikke –
bileter, inspirasjon og oppskrifter.
Eg har ein tendens til (å like) å ha mange ballar (bobler?) i lufta,
og slett ikkje sjeldan har dette med mat å gjere.
Heldig som eg er, har eg framleis nokre månader heime i permisjon med vesle Knerten vår.
Så kvifor ikkje bruke litt av denne tida på å samle litt bileter og oppskrifter her?
Så kan dei som måtte ha glede av det ta ein titt,
og kanskje bli inspirert til ein tur på kjøkkenet sjølv!


Namnet Draumebobla?
Livet som mamma i permisjon, og alt det inneber,
kjennest for meg litt som ei boble.
Å samle det eg synes er fint og godt, kjennest også litt som ei boble.
Ei lita friboble i ein kvardag ellers fyllt med gleder og utfordringar om einannan,
for meg som for andre.
Og draum? Tja, denne kvardagen eg lever i no kjennest jo litt som ein draum også.
I allefall går eg rundt i denne nye mammarolla i ein evig døs, noko underernært på søvn,
og samstundes opp over øyrene forelska i dette nye småtrollet vårt.

Men mest av alt synest eg vel berre ordet ‘draum’ er så flott.
‘Bobla’ også.
‘Draum’...
’Bobla’...
Gode ord.
Litt som 'rjomme'. Og ‘Votlo’...
Nemnde eg noko om å leve i si eiga lille boble...?


Håpar du kan finne deg til rette i Draumebobla mi, at det kan bli ei lita friboble for deg og!

3 kommentarer:

  1. Svar
    1. Takk takk! Redusering av vin er under arbeid, så får me sjå om ferdig produkt ender opp her inne;)

      Slett
  2. Eg kjenner det bobler over av glede :-)
    Dette må bare bli bra dette, gler meg til fortsettelsen!
    Di boble blir mi boble ;-)

    SvarSlett