fredag 16. november 2012

Beef bourguignon!

 
Varmande haustmiddag!
Trykk deg vidare for oppskrift!
Innlegget manglar bileter...
Biletet eg har manglar entusiasme...
Men gryta, den manglar ikkje mykje når det kjem til smak!
Varmande, god og full i smak!
 

4 personar:
 
1 løk, finhakka
2 store gulrøtter, delt i skiver
2 fedd kvitløk
1 ss tomatpurè
Timian, fersk eller tørka
6 dl kjøttbuljong (eller endå betre, kjøttkraft, om du har)
1 flaske raudvin (her kan du bruke den flaska innerst i skapet, som kanskje ikkje er din favoritt å drikke)
1 kg oksekjøtt, delt i bitar
Bacon, delt i småt bitar
Sopp
Sjalottløk
(Bacon, sopp og sjalottløk i ønska mengde.)
 
2 ss kveitemjøl
Olje/smør til steiking
 
Bruk ei stor gryte/jernpanne som toler å stå i steikeovnen, og som har lokk.
 
Surr løk, gulrøtter og kvitløk i godt med olje i omlag 5 minuttar.
Ha i tomatpurè og timian, og surr vidare eit par minuttar.
Tilsett buljong/kraft og raudvin, og la småkoke i 10minuttar.
Ta litt av krafta over i eit lite glass med mjøl og rist til ei jamn jevning,
som du så har over i gryta igjen.
Medan dette kokar brunar du kjøttet i ei steikepanne.
Steik kjøttet i fleire omgangar. På den måten får du kjapt og greit ei fin steikeskorpe på alt kjøttet.
Ha kjøttet over i gryta med kraft og sett på lokk.
Sett gryta i steikeovnen på 200 grader i ca. 1,5 - 2 timar,
eller til kjøttet er mørt.
Steik i mellomtida bacon, sopp og sjalottløk i olje/smør.
Ha dette over i gryta omlag 10 minutter før servering.
Smak til med salt og peppar.
 
Server saman med ris, potestappe, eller det du måtte ønske.
 
No skal det seiast at me er ein familie som er glad i mat.
Nokon vil påstå at 800 gram kjøtt skulle vera nok til 4 personar...
Men, skulle det bli restar er det ikkje verre enn at du har ein liten varm lunsj ein anna dag!
 
Eg lot gryta stå omlag 1 time i ovnen,
slo så av ovnen og lot gryta stå i 1 time UTAN Å OPNE OVNEN,
før eg hald fram med resten av framgangsmåten.
Gryta toler også å stå lenger å godgjere seg etter den er ferdig.
(Utan at eg kan seie for sikkert om mattilsynet vil vere einig med meg der...)
På den måten passer gryta perfekt om du skal ha gjestar,
og ikkje har lyst å stå med hovudet i steikeosen etter gjestane har komme!
 
Lite bileter og mykje tekst,
men eg anbefaler på det varmaste å prøve ut denne gryta!


God helg!
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar