lørdag 24. november 2012

Ein mektig attpåklatt...

 

Sjokolademousse med mykje godt i!


 

 

Eg er over middels glad i kaffi.
Godt over middels glad i dessert.
Og langt over streken glad i sjokolade.
Så då skap og skuffer innehaldt både kremfløyte og kokesjokolade,
og me venta gjestar på middag,
då passa det perfekt med ein sjokolademousse.

Men, eg var ikkje innstillt på å nøye meg med ein vanleg sjokolademousse,
så jakta held fram i skap og skuffer.

Kaffi,
honning,
amaretto
og kanel
fann vegen til kjøkkenbenken.
Honningen må ærleg seiast at kom fram som eit resultat av at eg først fann
igjen den fine vepsepynten eg har hatt så lyst å prøve ut...
og at eg tenkte at litt honning i mousseen ville forsvare vepsepynt!
 
 
 
 
Mektig og god avslutning på eit måltid sprellande fersk torsk!
Når det er sagt, må det seiast at det for min del eigentleg
berre finnes EIN skikkeleg sjokolademousse.
Perfekt konsistens, mild og fin, med akkurat passe sjokolademengde.
Beklager Freia, Pascal og alle andre, mi mamma stikk av med soleklar seier der!
Mousseen i dag er langt på veg inspirert av den, og kanskje finn heile oppskrifta hennar vegen inn her ein dag.


Det var mitt tips til helgekosen,
håpar du let deg freista!
Ha ein fin lørdag!
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Lyst på ein sjokolademoussen med eit hint av fleire spennande smaker? Oppskrift finn du under!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar