søndag 11. november 2012

Farsdag!

 
Gratulera med dagen alle fedre!
Her kjem farsdagskaketips 3...
 



 
Tredje kaka i min farsdagskake-triade er ei klassisk marsipankake.
Denne gangen fyllt med rørte jordbær og krem.
 
Forbausande enkel å lage.
Klassisk.
Likt av mange.
Og best av alt
- kan pyntast på uendeleg mange måtar!
 


 
 
Farsdagskaka her i huset er VELDIG inspirert
av siste innlegg på min ubestridte favorittblogg
 
Kaka med namnet Autumn Blooms Cake gjer meg heilt matt...
Ei slik kake eg kan sjå på igjen og igjen.
Ei slik kake ein berre må lagre bilete av,
slik at ein kan ta det fram.
Ofte.
Ei slik kake som ein får ei sånn god kjensle av å sjå på.
Ei slik kjensle som han eg bur med berre ser rart på meg
når eg spør om han kjenner det same...
 
 
 
 
Ønsker alle ein fin søndag!
Håpar fleire enn oss får noko godt attåt kaffikoppen i ettermiddag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar