onsdag 7. november 2012

Forsmak på jula...

 
Når ein byrjar å jakte i botn av skuffa...
Kjører heim til mor og leitar innerst i skapet...
Gjentek diskusjonen om haldbarhetsdato, igjen...
Og kjører heim med eit knippe krydderposar frå...,
vel, la oss seie det slik at dei blei ikkje produsert i år.
DÅ nærmar det seg jul!
 
Kanel, allehånde, muskat, nellik...
Mmmm - det luktar jul i huset!
 
Trykk deg vidare å få ein liten forsmak på jula du og!


Sterkt i mot å starte jula før desember.
Tre dagar uti mitt prosjekt null-sukker-veka.
Det skar seg. Begge delar.
Heilt plutseleg berre måtte eg tjuvstarte på julebaksten!
 
Inspirert av den fine bloggen Mat på bordet som eg har vist til tidlegare,
opna eg julebaksten med pepparnøtter!
 


 
 
 
 
Ein tanke sprø skorpe.
Deilig mjuk i midten.
Fullstappa av smakar
- smak av jul!


 
Eg er kanskje i mot å starte jula for tidleg.
Men eg er veldig for å ete julekakene når dei er gode,
og for meg vil det seie ferskast mogleg!
 
Lunka, nysteikt og full av julstemning.
Lag og et dei no,
eg tippar me finn noko anna godt å putte i skåla når julafta kjem!
 
 
Ha ein fin kveld,
og snart ei god natt!
 
 
---------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrift på pepparnøtter på biletet under.
 
 
 


1 kommentar:

  1. Hihi, du skriv så herlig ;) sitt og flirer! :) mmmm... kan nesten kjenna lukta! Og ja, er så enig. Ingen grunn til å venta ;)

    SvarSlett