søndag 4. november 2012

Haustleg bryllupskake!

 
Hortensia.
Natur.
Varme haustfargar.
Lillatonar.
 
Det var stikkorda for ei bryllupskake eg fekk lage nyleg.
 
Trykk deg vidare for fleire bileter...


 
 
Brudeparet hadde valgt hortensia som pynt,
i ein nydeleg lillatone.
Eller, når eg skulle prøve å etterligne fargen og overføre til kaka
oppdaga eg vel at hortensiaen bestod av både lilla, blått, grønt og alle tonar der i mellom...
Me valgte å lande på lilla som hovudfarge.
 
 

 Ikkje mitt stoltaste fotoøyeblikk, men...
Eit lite nærbilete av diamantmønsteret eg prega kaka med,
etter ønske frå brudeparet.
 

 
Kaka bestod av tre marsipankaker med ulikt fyll.
Jordbær, banan og krem.
Rørte bringebær og vaniljekrem.
Aprikossyltetøy, valnøtter og krem.
 
Som alltid, veldig kjekt å få eit slikt oppdrag!


Håpar du har ein kosleg søndagskveld!
Eg er klar for å tilbringa kvelden under teppet på sofaen,
med det som måtte finnast av restar av godteri...
 










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar