torsdag 29. november 2012

Kokosmakroner!

 
Søte, gode, enkle og kjappe å lage!
Kokosmakroner.
Ein klassikar blant julekakene?
 

 
Lyst på julekaker til jul?
Men ikkje lysten på å stå til albuane i deig,
eller å lukte smult til langt uti februar?
Lyst på heimebakt?
Men ser ikkje heilt kortid tida skal strekke til
for deigar som helst bør lagast eit døgn i forvegen,
eller som innheldt mandelmjøl som inneber å setja sporhundar
i arbeid for å finne den gamle kverna du har arva?
Lag kokosmakroner då vel!
Kjapt, enkelt og ei klassisk god julekake!
Eg føler eg ofte påstår at oppskriftene eg legg ut er enkle,
og dei er ofte det.
Men denne, den ER verkeleg enkel!
 
 
 
 
Eg har tilsett litt marsipan i mine.
Eit anna alternativ er å tilsetje
pittelitt finrevet skall av lime eller sitron?
Eller du kan dyppe topp eller bunn i sjokolade når dei er avkjølt?
 
Eg let deigen trekke ein times tid i kjøleskapet.
Inkludert denne ventetida og steiketida er kokosmakronene klar på 1,5 time,
derav kanskje 15 minutt av desse er tida du treng å gjere noko aktivt.
DET kan ein ikkje seie noko på! 
 


 
Det er faktisk så kjapt og enkelt at du kan gjere som meg
å lage ein liten porsjon akkurat den dagen du har lyst på kokosmakroner,
og så heller lage ein ny porsjon om du får lyst på ein anna dag også.
På den måten er dei alltid fersk og fin!
Meiner eg nemnde før at eg absolutt er for å ete julekaker når du har lyst på dei,
og når dei er gode!
I mine auge (min munn?) er det når dei er ferskast mogleg,
ikkje etter tre veker i ein kakeboks...
Gjerne ein kakeboks med eim av dei sju siste åras julekaker...
Eg innser at dette høyres litt råflott og flåsete ut,
men samtidig er det vel betre enn å kaste ein halv kakeboks med kokosmakroner på nyåret...?



Ha ein fin torsdag alle sammen!
 
 
 
----------------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrifta på biletet under gjer omlag 10 kokosmakroner.
 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar