lørdag 10. november 2012

P for pappa!


 
 
Tid for farsdagskaketips 2!
I dag kjem min pappa sin favoritt.
Kjekskake!
Eller delfiakake som nokon kallar det.
 

 
Av alle kaker ein kan falle for,
så må eg ærleg seie at å velgje kjekskake som favoritt
burde kunne få nokon og ein kvar til å sjå litt rart på han.
Men greit, er det farsdag så blir det slik!
 
Om det ikkje er mi favorittkake,
så er den likevel farleg.
Som ein mektig konfekt?
Berre i kakeform.
Og attåt ein kopp kaffi smaker det som kjent
ganske ok med litt konfekt.
 
 

 
Berre eit lite stykke.
Og så eit pittelite stykke til...
 

 
Er det nokon som ser om eg tek eit stykke til skal tru...?
 
 
Min pappa si kjekskake er enkel.
Ikkje noko seigemenn eller nonstop,
berre kjeks og sjokolade.
Fyll gjerne på med det du måtte ønske!
 
 
Det var farsdagskake nr.2 her i huset.
Kanskje noko for din pappa?
 
 
 
I dag skal me i bryllup!
Bryllupskaka som eg var så heldig å få lage er levert,
så no skal me berre nyyyyte dagen!
Ha ein fin lørdag alle!
 
 
---------------------------------------------------------------------
Oppskrift på kjekskake finn du på biletet under!
 


6 kommentarer:

  1. Det er min pappa si favorittkake også! Takk for tipset!! :-) :-) Han lagar den kun til jul så kanskje eg skal overraske!?

    SvarSlett
    Svar
    1. Spent på å høyre om endringa på ingrediensane blei vellykka!:)

      Slett
  2. Åh denne kaka er et must i jula for meg! Då gjerne med enten seigemenn eller geletoppar :) Kanskje mokkabønner og.. Kan jo aldri verte FOR mykje sjokolade? Eller? hehe..

    Flott innlegg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Mokkabønner faktisk! Sjokolade med sjokolade på. Kaloriar med kaloriar på - min favorittrett!:)

      Slett
  3. Denne pappa legg stadig meir på seg, avdi han har ei så flott dotter som elskar å skjemme han bort og overraskar han med stadig nye og betre kaker!!!
    Takk for kjempefavoritten min i dag! Klemm frå pappa!

    SvarSlett
    Svar
    1. NO blei eg overaska! At du skulle forville deg inn her å kommentere, det hadde eg ikkje trudd!:) Blei vel igrunn begge favorittkakene dine i dag, så det må vera bra fangst på farsdag;) Takk for kjekt besøk! Klem tilbake:)

      Slett