mandag 26. november 2012

Stompekaker!

 
Lunka stompekake med honning og brunost.
Attåt ein kopp med noko varmt og godt.
Sitjande i sofakroken under eit teppe.
Etter ein frisk tur i ruskete vær.
Det må vere definisjonen på herleg kveld!
 

Eller formiddag for den del!
 
 
 
 
Stompekaker er eigentleg ikkje noko
meir avansert enn flattrykte rundstykker,
steikt på takke.
Men likevell.
Det er noko med dei.
Kanskje det er det at nysteikte rundstykker alltid smaker godt?
Kanskje det er den sprø steikeskorpa?
Kanskje det er det sjarmerande namnet?
 
 
Eller, for min del,
kanskje det rett og slett er så enkelt som at
eg har vokst opp med at stompekaker og gjerne ein kopp varm sjokolade ein ruskete kveld
- det ER kos det!
Ein lager ikkje stompekaker om ein er sur og gretten, liksom...
 
 
 
Kvitost, brunost og honning høyrer til!
For meg.
 
Om du kan lage rundstykker,
kan du lett få til stompekaker!
Prøv, og bli glad i stompekaker du og!
 
 
 
 
Ha ein fin mandag!
 
 
--------------------------------------------------------------------------------------------------
Eg har ikkje oppgitt nøyaktige mål på mengde mjøl, då det kan variere frå mjøl til mjøl, og gang til gang... Prøv deg fram til du får rett konsistens!
 
 


2 kommentarer:

  1. Må jeg ha steketakkel eller hva det noe heter, eller kan jeg steke dem i steikepannen/wokpannen?

    SvarSlett
    Svar
    1. Det går heilt supert å steike i steikepanne! Det har eg gjort i alle år, til eg fekk meg steiketakke. Gjer det forsåvidt endå, om eg ikkje gidd dra fram takka. Skilnaden er vel gjerne helst at du får steikt fleire om gangen på takka, fordi overflata er større.

      Lykke til!:)

      Slett