torsdag 1. november 2012

Te!


Kjøleg sommarkveld.
Ruskete haustdag.
Kald vintermorgon.
Å kosa seg med ein kopp te kan vere eit aldri så lite høgdepunkt i kvardagen.
Lag deg ein god kopp te,
varm hendene, kos deg, og nyt!
 
Trykk deg vidare for litt meir te-prat...

Eg har siste tida fått augene opp for te av merket Pukka.
Min favoritt sålangt er "lemongrass and ginger".
Te med ein litt skarp snerten ettersmak av ingefær.
Annleis enn eg er vane med,
og veldig god!


 
I skrivande stund har eg Pukka sin "vanilla chai" i koppen.
Som "lemongrass and ginger" er det ein te eg normalt ikkje hadde tenkt var noko for meg.
Men, då butikken bydde på eit utvalg av smaksprøvar
våga eg meg på litt andre og nye smakar.
Lurt for dei,
supert for meg!
Teen smakar mellom anna kanel og kardemomme,
noko som gjer at eg sitt her med kjensla av å nettopp ha ete meg ein skillingsbolle...
Eg kan til og med ta meg ein "skillingsbolle" til utan dårleg samvittighet!
Befinn du deg i nærleiken av Manger, så stikk innom Tørkeloftet og kjøp deg ein pakke te du og!
Som om ikkje det var bra nok, er det ei viss fare for at du finn meir du likar på veg til kassen!
 
Eit anna superenkelt te-tips er myntete på friske mynteblader!
Ha nokre mynteblad (rett frå hagen kanskje?) i koppen,
hell over kokande vatn, og la trekke nokre minutt.
Godt og enkelt!

 
Finn deg ein kopp te, kryp under teppet,
og ha ein fin haustkveld du og!
 
 


2 kommentarer:

  1. Utrolig fin og delikat blogg, så mange gode oppskrifter og inspirerende ord på en gang! TAKK!! :)

    SvarSlett