mandag 17. desember 2012

Brente mandlar!




'Tradisjon' er nok eit stikkord mange vil knytte til jula.
Tradisjonsmat.
Tradisjonell pynt.
Familietradisjonar.
Her i huset er såre fingertuppar tradisjon.
Og det blir ikkje jul utan restar av knekk under føttna!
 
Brente mandlar!
Farleg (og) godt!
 
Trykk deg vidare for ei oppskrift eg er veldig nøgd med!
 

Knasande.
Søte.
Fine å sjå på.
Full av julestemning!
Om du ikkje har prøvd deg på brente mandlar endå,
er det på tide!
 
Såre fingertuppar.
Knekk på kjøkkengolvet...
som forflyttar seg ut i stova...
og som du gjerne finn restar av på badegolvet.
Ei lita vannblemme er ikkje umogleg.
Og varm blir du.
Men verdt det?
Absolutt!
 
I håp om at du lykkast utan for mange av overnemnde...utfordringar,
kjem her nokre tips på vegen til ei skål full i brente mandlar!

1. Først blir blandinga blank og fin etterkvart som vatn og melis byrjar å bli varmt.

2. Litt etter litt fordampar vatnet og blandinga byrjar å bli tørr.

3. Blandinga blir kvit og tørr, før sukkeret byrjar å smelte.

4. På høg varme, og under stadig røring byrjar sukkeret å smelte.
 
 
 
Nokre tips:
- Varmtvarmtvarmt! Anbefaler å halde småtroll langt vekke frå kjøkkenet!
- Bruk ei stor og god gryte, med gode handtak.
- Lag til eit nokre steikebrett med bakepapir på førehand,
slik at dette er klart til du skal skilja mandlane.
- Ver gjerne fleire! Mandlane må skiljast så raskt som mogleg,
slik at dei ikkje stivnar saman til ein stor klump.
- Ullstrømpik og ulltrøye er heeeilt unødvendig.
- Sterkt fråråda å halde på med fleire andre ting medan du lagar mandlane.
- Vil ikkje anbefala å oppdaga at du har gløymd å leggje aluminiumsfolie på steika i ovnen I DET mandlane er så godt som ferdig.
Utan at eg skulle vite noko om dette sjølvsagt...
 
 
Oppskrift:
500 gram mandlar
250 gram melis
1,5 dl vatn
 
Bland alt i ei stor og god gryte.
La blandinga småkoke, og rør stadig med ei tresleiv.
Først vil vatnet fordampe slik at blandinga blir kvit og tørr.
No bør du ha nokså høg temperatur på komfyren.
Hald fram å røre medan den "tørre sukkerblandinga" rundt mandlane smeltar.
La alt sukkeret smelte slik at mandlane er heilt dekka av karamell.
Hell blandinga ut på bakepapir og fordel dei utover så rask som mogleg,
før dei stivnar saman.
Bruk gjerne ein gaffel eller to, eller tresleiva,
til å skilja mandlane om du får det til.
Eg ender oftast opp med ein kombinasjon av fingrane og gaffel
(derav dei såre fingertuppane).
Obs! Mandlane er VARME
(derav knekk på golvet - mandlar som er FOR varme, som ender opp med å få seg ein flygetur utav hendene dine...).
 
La mandlane avkjøle heilt før du har dei over i på eit lufttett glass.






Ha ein fin mandag!

2 kommentarer:

  1. Kjempegode!! Fulgte oppskrifta til punkt og prikke - så spørs om fingertuppane vil hekla i morgon.. ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ein skulle tru ein blei herda undervegs, men det gjer faktisk berre meir og meir ildt for kvar mandel ein plukkar på... Godt resultatet er verdt det!:)

      Slett