søndag 9. desember 2012

Bringebærkyssa skumbollar?


Har du nokon gong hatt så lyst på noko,
at du oppi det heile gløymer kva du ville ha, eller kvifor,
fordi du verker slik etter å få tak i det...?
Mi jakt på frysetørka bringebær utvikla seg litt slik.
 
Trykk deg vidare for ei detaljert skildring av ei av velstandlivets utfordringar...






 Eg innser sjølv at denne historia er for spesielt interesserte,
så om det blir for langt så hopp gjerne rett over alt i kursiv...så kjem eg tilbake til skumbollane på slutten!
Ei dansk frøken med inspirerande evner på kjøkkenet
svingar seg på NRK nokre formiddag i veka.
Her ein formiddag for ei tid tilbake laga
ho skumbollar med frysetørka bringebær.
Eg blei inspirert, og jakta var i gang....

Det skulle visa seg at jakta etter frysetørka bringebær 
blei lang og ikkje heilt utan komplikasjonar.
2 veker,
5 helsekostbutikkar,
7 daglegvarebutikkar,
1 venninne på Danmarkstur,
...og x antall søk på internett utan særleg hell.
Så då eg i forrige veke fekk snakke med ansvarleg for
frukt og grønt i ein butikk av den velassorterte sorten og ho,
etter eg hadde forklart ho som til ein del før,
 at "nei, dei er ikkje frosne, dei er f.r.y.s.e.t.ø.r.k.a.",
ville prøva å bestilla til meg, ante eg eit håp.
Dagen etter ringer ho meg å spør kor mykje eg treng.
Eg forklarer som sant er at eg i utgangspunktet kun treng 20 gram.
Ho har nemleg fått tak i til meg!
Ein pakke på 2,5 kilo...
Her burde eg ant ugler i mosen.
I allefall når ho informerer om prisen, som slett ikkje var så galen.

Lykkeleg sender eg mannen i huset innom butikken for å hente herlegheita.
Klar for baking, og spent på kva under av noko bær dette er, gleder eg meg til han kjem heim.
Og for ein nedtur.
Ikkje å få mannen heim altså, det er no ganske ålreit.
Eg finn mannen på kjøkkenet,
på veg til å ta spenntak for å presse fangsten ned i ein allereie fullstappa fryseboks.
Fangsten.
Å, den fangsten...
2,5 kilo heilt vanleg frosne bringebær.
TO OG EIT HALVT KILO,
selger dama meg, som til og med spør og får vite at eg treng tjue GRAM.
Vanleg frosne bringebær...
Hurra for den kvelden.

Så ein liten vekkar.
Ein av dei uheldige på min veg som får heeeeile denne historia servert
er så freidig å spørre kva eg skal med desse mykje omtalte bringebæra.
...og eg tek meg sjølv i å måtte tenke.
Sanninga var at eg nesten heilt hadde gløymd kva eg skulle med dei...
Likevell, ein av dei 5 helsekostbutikkane eg var innom
kontakta meg nokre dagar seinare og kunne fortelje at dei hadde fått inn
og lagt av frysetørka bringebær til meg.
Du store all verden!
Og tenk, det var faktisk frysetørka bringebær dei hadde fått inn!
Til 70 kr for 40 gram...
Trygt i hus med dei dyrbare bæra hiv eg meg i baksten!




Luftige skumbollar!
Med ein mild smak av bringebær.
(Det blir litt pinleg å skrive om denne bringebærsmaken kjenner eg...)
Med ein bunn av kransekake,
sprø og seig på same tid
- som ei spennande motvekt til det lette skummet.
Trekt med mørk sjokolade,
og dryssa med nokre edle bitar(...!) bringebær.

Konklusjon?
Vel, for psyken sin del var det godt å få tak i desse bringebæra!
For skumbollane sin del?
Joda, det tilfører noko ekstra.
Men, er ikkje jaktinnstinktet ditt fullt så feilutvikla som mitt,
så går det heilt fint ann å lage skumbollane utan frysetørka bringebær også.



Oppskrift på desse bringebærkyssa skumbollane finn du ved å trykke HER.

Med omlag 60 gram frysetørka bringebær til overs,
og nokon og tjue skumbollar igjen i kjøleskapet,
kjenner eg blodtrykket byrjar å nærme seg normalen igjen.
Og kjenner eg har det frykteleg godt, som kan henge meg slik opp i ein slik ting...

Heldig er me som kan kose oss med skumbollar, og det synes eg og me skal gjere!
Men heldig er me også, som har det så godt at me har råd til å hjelpe andre.
Kanskje noko å tenkje på i desse juletider?



Ha ein fin søndag!






1 kommentar:

  1. Ha ha! Fantastisk historie! Kjenner meg godt att... Når ein bur på ein stad der berre det mest elementære er å finna i butikkane, er det mykje som må leggjast på minnet til ein eingong set foten i ein butikk med litt meir utval... og då kan det fint vera eit par veker sidan ein fann oppskrifta! Og har i mellomtida funne fleire oppskrifter med mystiske ingrediensar ... og alle oppskriftene er funne på forskjellige nettstadar som ein liksom skulle hugse så lett at ein ikkje trong å skriva det ned... ja, då er det berre å venta til ein ramlar over dei igjen... :)

    SvarSlett