torsdag 27. desember 2012

Ein hund etter kjeks...


Vel.
Det har seg slik at eg kom over ei oppskrift på hundekjeks.
Så då blei det slik.
 

 
Kjeks til hunden,
forma som eit "hundebein".
Hadde eg hatt hund måtte det vore supert!
Hadde eg hatt "hundebein-utstikkar" liggjande, så ok.
Hadde eg likt hundar så kunne det gjerne forsvarast...
 
Neida.
Denne frøkna,
livredd for desse firbeinte,
og dei ho ikkje er redd synes ho luktar eller grisar
(skal innrømma at eg har litt fobi mot lause hår, og hundehår er INTET unntak),
jo - ho fann det heilt nødvendig å gå til det steget å importera hundebein-utstikkar frå Sverige.
Slik at ho kunne laga hundekjeks sjølvsagt!
 
 
 

Det slo meg då eg laga og gav vekk desse i fjor,
at dette måtte vere den ultimate testen...
Om ein HUND ikkje likar maten min...
 
Då eg på ingen måte ville finne på å risikere å miste ein finger (eller ein arm?)
ved å handmate ein hund,
har eg eg ingen preferansar for om desse fell i smak hjå dei firbeinte.
Men det ryktast at hundar tygg skosålar...så det skulle vel kunne gå?
Og når alt dette er sagt, eg er ikkje fullt så hundefientleg som eg framstiller meg her.
Hundar er sikkert ålreite dei, berre eg slepp å ha hendene mine inn i munnen på dei...
 
 



 
Håpar hundekjeksa fall i smak hjå mine ... hundevennar!
Og eg håpar du har hatt nokre fine juledagar!
 
 
------------------------------------------------------------------------------
Som sagt, ingen garantiar frå mi side om korleis dette smakar - men oppskrifta er henta frå KK sitt juleblad 2011, så eg vil tru den er heilt grei å servera til hunden i ditt liv!
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar