fredag 7. desember 2012

Gløggete konfekt...

 
Gløggete konfekt?
Smak av jul!

Så var det denne konfekten igjen då...
Eg skulle så gjerne sagt at dette med
sjokolade og temperering ikkje var så skummelt som eg frykta.
Men sanninga er at mitt forsøk på temperering berre blei eit einaste søl.
Løysing?
Eg hoppa beint over heile tempereringa.
Om du vil sitja å halda, kosa og plukka på konfekten din før du et den,
då får du finna deg nokon andre sin (tempererte) konfekt å eta på.
Eller godta at du blir sitjande att med sjokoladegris på fingrane.
Så lenge utsjånaden er ok,
og smaken er god
- så får tempereringa bli ein anna gang!
 


 
Lys sjokolade fyllt med ein mørk og kraftig sjokoladeganache med smak av jul.
Følg oppskrifta på sjokoladeganache med raudvin som du finn her,
men bytt raudvinen ut med (ublanda tomte-)gløgg.
Eg hadde i tillegg i 1/4 ts mala nellik og 1/4 ts kanel.
Eg fekk med den oppskrifta nok til å fylle 12 normalt store konfektbitar.

1. Lag konfektskall ved å smelte sjokolade og pensle i konfektformer. La stivne.
Det finnes meir proffe måtar å gjere dette på, men eg fann ut at med mine silikonformer blei resultatet finast om eg gjorde det på denne måten.
2. Ha den avkjølte ganachen i ein sprøytepose og fyll konfektskalla nesten heilt opp.
3. Sett til avkjøling i kjøleskap eller i frysen i nokre minutt, slik at overflata på fyllet stivnar.
4. Smør over med eit lag smelta sjokolade slik at du forseglar fyllet.
5. La avkjøle heilt i kjøleskap før du løyser kofekten frå formene.
 
 
Kanskje kan du vil gje ei søt og heimalaga julehelsing til nokon du er glad i?
Prøv konfekt med gløggganache!
 
Fleire konfektforsøk kjem etterkvart...
 
 
 
Fredag, sol,
og ei helg med tur i bassenget med vesle knerten og vennane hans,
julebakst, og julebord med familien står for tur
- ei god kjensle!
Håpar også du har ei god helg i vente!


6 kommentarer:

  1. Hvilke kjøkkenredskaper har du? Er det noe kjøkkenredskaper som er et "must" og som du kan anbefale?

    SvarSlett
    Svar
    1. Oj, spennande spørsmål som fekk meg til å tenke!:) Vanskeleg å ramse opp alt ein kunne trenge, det kjem jo veldig ann på kva ein ønskjer å lage, men eg meiner ein kjem langt med "vanlege basis redskaper".

      Nokre ting slo meg likevell at er greit å ha!
      Det første som slo meg var ein god sleikepott, av ein eller anna grunn! Eg har ein sleikepott i silikon eg er glad i:)
      Ellers var eg så heldig å få ei kenwood-maskin til jul i fjor og det er noko eg anbefaler på det varmaste dersom du baker litt (både gjærbakst og kaker). Det er vel ein slik ting ein klarer seg fint utan, til ein har prøvd den. Då skjønner ein ikkje korleis ein klarte seg før...;)
      Og gode knivar!

      Ha ein fin dag!

      Slett
  2. Oj oj! Spennande! No får eg gå i gong igjen, ser eg :) Klarte raudvinssjokoladane dine på andre forsøk... første gongen var eg so travel at eg rett og slett gløymde å lesa det du hadde skrive før oppskriften... og kva skjedde då? Jau, det vart berre raudvinsganasje og ikkje noko "skal" til å ha den i... Kliss!! Men eg gjekk på med friskt mot igjen, og då vart eg nøgd!! he he!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe! Det funka kanskje sånn om ein var frykteleg lysten på noko søtt, sånn i det skjulte når ingen såg...? Raudvinsganache med skjei attåt kaffien...;) Bra det kom seg på andre forsøk! Konfekt med salt karamell og konfekt med peppermyntefyll står klar i kjøleskapet, så kanskje eg klarer å inspirere deg endå nokre gonger til før jul...!:)

      Slett
  3. Ja, det skal du ikkje sjå vekk i frå! Har prøvd ei oppskrift på sjokoladenougat med kokesjokolade, vikingmelk, usalta smør og litt vaniljesukker i kveld... står i kjøleskapet i påvente av (forhåpentlegvis) fryd og gaman i morgon!! :)

    SvarSlett
  4. Du er så flink, Tora! :) og bloggen og bileta er så lekre og tiltalande. Får vatn i munnen av å sjå og lesa ;) desse vil eg prøva meg på! :)

    Lina

    SvarSlett