fredag 28. desember 2012

Kjære, dyktige, makronkonge Pascal.

Kjære Pascal,
vil du vera så snill å besøka meg?
Eg kan laga kaffi.
Eg kan skålda og mala mandlar til deg.
Eg kan stryka kokkelua di.
Men ver så snill å kom å lær meg å lage makroner.


Kornete små skapningar, med ein topp som aldri flyt ut...

Mjuke, kakete heile vegen gjennom...


Eg blir SPRØ.
For det blir IKKJE makronene mine...
Her for ei tid tilbake la eg ut oppskrift på makroner,
og det skal seiast at det gjekk ganske så bra å følgje den oppskrifta.
Så prøver eg meg på sjokolademakroner.
Arg!
TO rundar,
FIRE brett med makroner
- rett i bosset...!
Tredje forsøket halverte eg og endte opp med
10 småkaker som likna på makroner i det minste...
Hurra.
Lager ein runde til, og følger same framgangsmåte til p.u.n.k.t.o.g.p.r.i.k.k.e.
To nye brett mjuke, kakete,
makronliknande skapningar hånler av meg på kjøkkenbenken.
 
Så, kjære Pascal,
kom å hjelp meg!
 
Kan kakopulveret ha noko å seia?
Eg har latt meg freiste til å bruke kjøpe-mandelmjøl, kan det vera årsaka?
 
 
Eg setter på kaffien, Pascal, så det er berre å komme!
P.s. Ta med strykejern om me skal fiksa den der lua.

 
 
 
 
 


1 kommentar: