lørdag 8. desember 2012

Kransekakepletter!


Gylden.
Sprø utapå.
Seig inni.
God med sjokoladetrekk.
God til is.
Ein klassikar til høgtid og fest.
Og med litt juks - ein kjapp godbit til kaffikoppen!
 
Trykk deg vidare for litt kranskekakeprat...

Om eg ikkje tek heilt feil er vel ikkje kransekakemasse
meir avansert enn malte mandlar, eggekvitar og melis?
Men, enkelte ting er faktisk ikkje så verst å kjøpe ferdig.
Enkelte ting vil eg påstå ein med fordel kan kjøpa ferdig.
Etter mi meining er kransekakemasse ein av dei tinga...
Då kan ein også i løpet av FÅ minutter ha ein nysteikt godbit til kaffien!
 
Eg var så heldig å få ta del i ein 5 kilos pakke kransekakemasse frå Pals.
Eg kan ikkje uttala meg om så mange andre merker,
men Pals kransekakemasse anbefaler eg iallefall på det sterkaste!
 
 
 
Små runde pletter.
Gylden.
Sprø utapå, seig inni.
Et dei som dei er, rett frå ovnen?
Avkjøl og dypp i sjokolade?
 
Eller sett dei til side og begynn på neste steg!
Mine kransekakepletter utgjer nemleg bunnen i eit større prosjekt.
Ta turen inn igjen på bloggen i morgon, så får du sjå!
 
 
For dei som trur det ikkje betyr noko kva kopp ein drikk kaffien frå,
eller kva fat ein serverer småkaker på
- de tek feil!
Heldig er eg som har ei venninne som har skjønt det!
Og som kjøper herlege fat til meg når ho er på tur!
Stine, eg tek ein kopp kaffi og ein kransekakeplett til ære for deg i dag! Takk!
 
 
Ha ein fin lørdag!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar