mandag 3. desember 2012

Kvardagsmagi...

 
 
 
Det magiske ved ein kopp med noko varmt og godt!
 

Masete samvittighet,- buuurde vaske til jul?
Lei av nissar og snømenn og glitter og fjas, allerede?
Kvalm av pepperkakedeig, og forspist deg på mandariner?
Papirkutt på fingen etter julegåvepakking?
Eller berre litt irritert akkurat no over at eg antyder at jula er like rundt hjørnet...?
 
Sett på dei finaste julesongane,
eller noko heilt heilt anna om det freistar meir,
og kryp godt opp i sofaen med ein kopp med noko varmt og godt!
La jul vere jul,
og berre kos deg!
 
Gløgg?
Eller berre ein god kopp kaffi!
 
 
Eg putlar på på kjøkkenet som før,
eg har berre ikkje prioritert å bruke tida på å flytte resultata inn på bloggen.
Men litt tid,
litt motivasjon,
og litt gjenoppretting av nokre album eg sletta
(som resulterte i at mykje bilder forsvann frå bloggen)
- så er eg plutseleg litt meir frampå igjen!
 
Ha ein fin kveld!
Her er ein nydeleg kald vinterkveld!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar