lørdag 29. desember 2012

Makronmysteriet - oppklart?

Noko frustrert over haugevis med mislykka makroner,
uansett kor nøyaktig eg følgte oppskrifta,
og kor mange demo-filmar av blandeprosessen eg kikka på,
kunne eg ikkje anna enn å halde fram til eg fann løysinga.
 
Og kan løysinga vere så enkel...?
 

Om ikkje Pascal ville vore direkte stolt av makronene mine
(kvifor skulle han det, han dukka jo aldri opp for å hjelpe meg, kaffien blei kald, og eg stod der like åleine med makronprosjektet mitt)
så har eg no laga meir eller mindre vellukka makroner tidlegare.
Så, eg fann ut eg måtte gje sjokolademakronprosjektet nokre forsøk til.
 
Etter å ha laga haugevis av mislykka sjokolademakroner,
oppsummerte eg med at det som var største skilnaden frå tidlegare var følgjande:
 
- Eg hadde kakaopulver i røra.
Kunne det påverke konsistensen på røra?
Verka ikkje røra litt seig når eg fortvila prøvde få den tynn nok?
 
- Eg brukte kjøpe-mandelmjøl.
Ja eg veit, eg har høyrt, sett og lest at ein del fråråder kjøpemjøl.
Men, eg har også møtt fleire bloggfrøkner på min veg som skriv at dei bruker kjøpemjøl.
Og så verka det så freistande lettvint med dette kjøpemjølet...
 
Eg byrja med kjøpemjølet,
då eg fekk ei kjensle av at det vil vera typisk at ein slik snarveg kan straffa seg.
 

 
Eg skålda mandlar,
tørka dei i steikeovnen,
malte dei i nøttekvern,
tørka dei vidare i steikeovnen,
finmalte dei ved hjelp av eit kjevle,
sikta, sikta og sikta,
til eg satt igjen med tørt, fint mandelmjøl.
 
 
Allerede då eg sprøyta ut røra ante eg håp,
då dei forma seg så fint på bakepapiret.
Eg lot makronene tørka lenge og vel før steiking
- ingen fleire snarvegar.
Steikinga gjekk føre seg med frøken-meg sitjande framfor ovnen,
men nesa trykt i mot ovnsglasset,
spent på kva som ville gå føre seg på innsida der.
Å!
Ei flat overflate!
Å!
Ein fot!
("Frynsekanten" nede på makronene)
Å! Å! Å!
 
 
Det skulle visa seg at snarvegen via kjøpemjøl ikkje var noko snarveg for meg.
Korleis andre får det til med kjøpemjøl aner eg ikkje.
Kanskje er det skilnad på produsentane?
For å vere sikker på at eg ikkje berre hadde flaks laga eg ein runde til med heimasnekra mandelmjøl,
og kom smilande ut av den runden også.
Det gode med tjueørten mislykka rundar er at det å lage ein
liten ladning mandelmjøl plutseleg ikkje verkar så krevjande!
 
Nokon som huskar kva eg skulle med makronene...?



Snart tilbake med resultata av nokre kakeprosjekt som er under planlegging...
Ha ein fin dag!
 
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar