lørdag 1. desember 2012

Marzipan Kartoffeln!

Marsipankuler!

Nokre år tilbake dukka det opp ein stooor pakke i posten frå onkelen min i Tyskland.
Kan vera at pakken veks ein del på netthinna mi ettersom åra går,
men tenker ein forholdet mellom pakken og meg på den tida,
heldt eg fast ved at den var stor med fleire o'ar.
I pakken var allslags julekaker og julesnop.
Mellom anna ein boks med små marsipankuler med eit tynt lag kakao rundt.
Marzipan Kartoffeln frå Niederegger Lübeck.
Eit enkelt og godt alternativ:
Trill kuler av marsipan.
Legg kulene i ei skål med pittelitt(!) kakaopulver.
Rist i veg.
Putt marsipankulene i ei fin lita skål og kos deg!
Eller pakk dei fint i ei eske og gje dei til nokon som fortjener noko søtt!
Eit godt alternativ til denne pakken i posten frå ein onkel langt vekke.
Og eit billig alternativ til å reise å kjøpe dei sjølv.
Når det er sagt vil eg gjerne anbefale sistnemnde likevell.
Førjulstur til Berlin anbefalast på det varmaste!
Kjekk julehandel, julemarked på alle gatehjørner, julestemning og eit friminutt frå kvardagen heima!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar