onsdag 19. desember 2012

Munkar!

 
Har du snubla over ei merkeleg panne heime i skapet hennar mor?
Eller bestemor?
Ei jernpanne med "hol" i?
Då kan det tenkast at det er eit munkejern!
Er du så heldig å ha tilgang på eit munkejern,
garanterer eg deg at den kan gje deg fleire gleder enn at den ser fin ut!
 
Trykk deg vidare for oppskrift!

Lunka.
Sprø på utsida,
med ei aning saltsmak frå det gode smøret.
Mjuk, heilt i grenseland mot deigete, inni.
Søt, med smak av kardemomme.
Små rosiner som tilfører endå litt meir sødme.
 
 

Eg hadde lenge deig-angst,
og droppa gjærbakst fordi eg ikkje fann ut av dette med elting og konsistens.
Så arva mor mi eit munkejern.
(Eller var det ein onkel som arva det, og så har ho berre lånt det...,og eg brukar det...? ...me har eit munkejern i familien, det er det viktigaste!)
Noko skeptisk til dette med gjærdeig følgte eg oppskrifta til punkt og prikke,
skeptisk til den blaute konsistensen,
skeptisk til korleis dette skulle gå å steike.
Det gjekk supert!
Gjærdeig utan å få deig på nevane,
det kan eg like!
 
 
 

 
Fordi ein berre kan steike sju munkar om gangen,
tek det litt tid.
Men så dårleg tid har me vel ikkje?
Passar perfekt ein søndag ettermiddag,
der du kan roe ned å kose deg med steikinga,
og så synke ned i sofaen og nyte siste rest av helga
med ein kopp god kaffi og herlege lunka munkar!
 
 
 
 
Onsdag, og om ei veke er jula på hell...
På tide å tenke at det som ikkje er gjort til no, det rekk me ikkje?
Husk å roe ned og nyte desse dagane fram mot jul,
så altfor plutseleg er me på andre sida av julehelga!
Ha ein fin onsdag!
 
 
-----------------------------------------------------------------------------
Oppskrift på munkar har eg funne i kokeboka
Moderne norsk mat - matgleder fra TINE kjøkken (Tine kjøkken, Oslo 1992).
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar