mandag 10. desember 2012

Salt karamell...

 
Konfekt med salt karamell!
 
Mørk sjokolade fyllt med salt karamell.
Så godt.
Så enkelt.
Så perfekt attåt ein kopp kaffi!
 


 
Karamellen er enkel og kjapp å lage.
Søt og mild, med eit hint av salt.
Tjukkflytande i romtemperatur,
akkurat fast nok til at den heldt forma når den er kjøleskapskald.
 
Lag dobbel porsjon karamell,
bruk halvparten til konfektfyll,
og spar halvparten til å piffe opp ei
skål med vaniljeis ein dag du treng(!) dessert!
 



 
Konfekten laga eg på samme måte som då
eg laga konfekt med gløgg-ganache og konfekt med raudvin-ganache.
Smelt ein god sjokolade over vannbad,
og lag konfektskall ved å pensle innsida av ei konfektform og la den stivne.
Ha i fyllet og avkjøl til fyllet får ei noko fastare overflate (frys eller kjøleskap).
Lukk til slutt konfekten med eit tynt lag smelta sjokolade.
 
 
2 veker til julafta! Berre å hive seg i konfektlaginga!
Ønsker deg ein fin start på veka!
 
----------------------------------------------------------------------
Oppskrift på salt karamell finn du på biletet under! Oppskrifta gjer nok karamell til 15 normalt store konfektbitar, pluss litt du kan spara til den der desserttrangen eg var inne på lenger oppe...
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar