lørdag 16. februar 2013

Old MacDonald?

Traktorkake!
 
 
Ein liten Mathias fyller 2 år.
Ein liten Mathias som liker traktorar,
og som er veldig opptatt av at det må vere "mann inni traktoren".
Då er det klart det må bli traktorkake!
Men mann inni sjølvsagt.

tirsdag 12. februar 2013

Gnocchi med urter og spinat

 
Potevarianten av pasta?
Ein god måte å gje poterestar eit nytt liv.
Kan lagast eit par dagar på forhånd,
noko som er supert om du har gjestar
eller skal ha ein kjapp middag.
 
Gnocchi.
Her med urter og spinat!
 

mandag 11. februar 2013

Minecraft

 
Minecraft-kake til ein bursdagsgutt?
Jaha?
Det krevde ein del tid på google og pinterest,
og ein liten tur innom den offisielle nettsida til Minecraft for inspirasjon.
Neste steg var å setje mannen i huset på saken,
men eg kom til at eg ikkje kunne kommandere han til eit par timar i sofaen,
med kaffi i koppen og dataspel...for min del liksom.
DET ville vere å kreve litt i overkant, ville det ikkje?
 
Uansett, slik blei mi minecraft-kake...

søndag 10. februar 2013

Converse til ein liten tøffing!

 
I dag feira ein liten Gabriel August sin namnefest,
saman med sine nære.
Ei kake frå meg fekk vere med på feiringa.
Og det synes jo sjølvsagt eg er stas!
Då får eg liksom vere med å feire litt eg og,
på ein måte.
 

onsdag 30. januar 2013

Frosting - DIY

 
Eit lite tilbakeblikk på red velvet kaka med bringebær,
med ein ny liten DIY dersom du har lyst å lage ei lik kake!
 

lørdag 26. januar 2013

Bryllupskake med sjokoladepynt...

 
Ei bryllupskaka litt utenom det vanlege,
til eit brudepar heilt utenom det vanlege.
Eit slåande fint brudepar,
med eit bryllup av ypperste klasse!
 
Trykk deg vidare for nokre fleire bileter av kaka laga i august...

fredag 25. januar 2013

onsdag 23. januar 2013

Lunsjvafler med ost og skinke!

 
Frukost?
Lunsj?
Kvelds?
Eller kanskje ein ny vinnar på tur,
om du er så heldig å eige eit vaffeljern til bruk på bål!
 
Vafler med ost og skinke!
 

mandag 21. januar 2013

Varmande grønnsaksuppe

 
Enkelt.
Sunt.
Godt.
Betre enn det blir det vel eigentleg ikkje?
 
Tips til ei varm og god suppe ein strålande vinterdag!
 

lørdag 19. januar 2013

Sommarfuglkake til Hanna!

Tenk å bli 5 år!
Vere 5 år og ha bursdag...
Eg skulle ønske eg kunne feire min 5 års dag i dag eg.
Då ville eg hatt ei rosa kake!
Og krona!
 
 
Men, i dag er det Hanna som har bursdag.
Og eg håpar ho ønska seg ei rosa kake ho og!
 

fredag 18. januar 2013

Vanilla sprinkle sandies?

Eller søte fargedråpar!
 
 
Jula er kasta ut for lengst,
og eg leeengtar etter friske fargar og vår i huset!
Medan eg ventar på å få gulmaling i hus (stakkar kjøkkenstolane våre...)
passa det jo då perfekt at bloggfrøkna på Sprinkle Bakes
laga Lemon Sprinkle Sandies i all verdens glade fargar.
Eg droppa sitronen, men behaldt FARGANE!
 

mandag 14. januar 2013

Så kom det visst ein elefant til marsjerande!

 
 
Tenk så heldig å ha ein fetter ein kan leike med.
Knerten vår er så heldig å ha to!
Ein av dei er fine vesle store Oskar,
som har bursdag i dag!
 

søndag 13. januar 2013

Jentete dåpskaker, igjen

 
 
To søte små kusiner skulle døypast,
og eg var så heldig å få lov å stå for dåpskake-kakinga!
 
 

lørdag 12. januar 2013

Tuut tuuut!

 

Nokre bileter av Thomas toget,
før han forlot stasjonen (kjøkkenet mitt)!
 

fredag 11. januar 2013

Den ubehaglege kjensla...

...når du oppdagar at du ikkje
har fått med deg at nokon har bursdag!
 
Og så Signe då,
som me har delt så mange formiddagar med siste året!
For deg som ikkje er i permisjon,
eller som har ungar som driv med soving og sånn rart,
Signe kvitrar oss smilande inn i dagen på God morgen Norge.
 
Flaks for oss at me er oppe lenge før fuglane tek til å romstere!
Flaks for oss at me har vet til å hive oss rundt å setje ein gjærdeig!
Kanelsnurrar.
Signe, desse er til deg!
 

torsdag 10. januar 2013

God helg!

Denne helga inneheldt store mengdar sukker,
smør og andre gode kakesaker for min del.
Første kaka har forlatt stasjonen (...), og tre kaker står for tur.
Bilder dukkar opp litt etter litt...
 
Håpar helga di blir akkuratt slik du ønsker!
 


onsdag 9. januar 2013

mandag 7. januar 2013

fredag 4. januar 2013

Vegetarpai!

 
 
Nytt år, nye moglegheiter.
Moglegheiter til å byrjer eit nytt, betre og sunnare liv?
Absloutt.
Men no har det seg slik at om eg får det for meg at eg skal
ete sunnare ved å kutte ut (usunn) mat eg liker,
då er den forbudte maten alt eg tenker på...
Eg hadde gjort meg dårleg i Edens hage,
sjølv om epler ikkje er det eg er mest plaga med å forete meg på.
Men eit nytt, betre og meir variert kosthald,
DET kan eg prøve på.
2013 - bring it on!
 
Først ut er ein vegetarpai.
 

onsdag 2. januar 2013

Lilla lilla lilla...

 
Lilla blomster.
Lilla perler.
Lilla øyenstikkar.
Kvilande på ein bunn av lilla fondant...
 

tirsdag 1. januar 2013

Sjokolade i høgda!

 
Når mi aller beste søster har bursdag,
og bursdagen i år igjen havner på nyttårsafta,
då er det klart det må bli kake!
I fleirtall!
 
Her kjem ein smakebit på ei av dei...