fredag 11. januar 2013

Den ubehaglege kjensla...

...når du oppdagar at du ikkje
har fått med deg at nokon har bursdag!
 
Og så Signe då,
som me har delt så mange formiddagar med siste året!
For deg som ikkje er i permisjon,
eller som har ungar som driv med soving og sånn rart,
Signe kvitrar oss smilande inn i dagen på God morgen Norge.
 
Flaks for oss at me er oppe lenge før fuglane tek til å romstere!
Flaks for oss at me har vet til å hive oss rundt å setje ein gjærdeig!
Kanelsnurrar.
Signe, desse er til deg!
 


 
Framgangsmåten er den same som for sesamsnurrane
du finn i dette innlegget!
Berre bytt til ein søt gjærdeig,
og ha smør, sukker og kanel på deigen før du brettar og snurrar!
 
Min aller beste kjøkkenassistent...
 
Her i huset var det visst tomt for sukker...
Melis, gjer det same nytten?
Tja.
I deigen funka det heilt fint.
Men, du får ikkje den søte, litt sprø svingen
der sukkeret har lagt seg og smelta.
Og så skulle det visst meir melis til enn eg turte ha på...
Men, me er no heldigvis så søte i oss sjølv! Flaks! Igjen.
 





 Me rakk å ha snurrane klar før feiringa på fjernsynet var over,
men eg trur me heller pakkar snurrane og kaffi og kjem oss ut i finaværet!
 
 
 
 
 
 
 
Ha ein fin fredag!
 
 
 


2 kommentarer: