onsdag 30. januar 2013

Frosting - DIY

 
Eit lite tilbakeblikk på red velvet kaka med bringebær,
med ein ny liten DIY dersom du har lyst å lage ei lik kake!
 
Med eit rykande ferskt nummer av
Maison Mat & Vin liggjande på stovebordet
står det ikkje på inspirasjonen og planane om
spennande ny mat eg har lyst å prøva ut.
100 gram mandlar ligg allereie klar til bruk i eit prøveprosjekt i morgon.
Og eit knippe pote er ferdig kokt, i håp om eit nytt liv i ny forkledning.
Meir om det om det blir noko av!
Medan desse planane ventar på å bli satt ut i livet,
tek eg eit lite tilbakeblikk på
red velvet kaka med bringebær eg laga i førre veke.
 
Her kjem ei lita rettleiing på korleis eg la frostingen på kaka!
Mykje lettare enn eg trudde før eg prøvde sjølv,
ganske kjapp å leggje,
og ganske så dekorativt - synes eg då.
 
Eg dekkjer kaka først med eit tynt lag frosting,
og set den så omlag 30 minutt i kjøleskapet.
Då har du ei jamn og fin kake, med ei fast overflate å arbeide med.
Så legg eg eit nytt lag frosting på toppen,
og legg frostingen langs kantane på følgjande måte:
 
 
1. Ta utgangspunkt i ei kake dekka med eit tynt lag frosting.
 
2. Bruk ein rund tipp. (Eller som eg bruker her, ein sprøytepose som eg klipper eit 1-2cm stort hol i.)
Sprøyt ut ei rekkje med like store kuler, tett i tett over kvarandre. 
 
3 og 4. Bruk ei lita skjei, plasser skjeia midt i kula og
dra varsomt rett ut til sida mot høgre. Gjer det same på alle kulene.
 
5. Legg ei ny rekkje kuler til høgre for den første, og hald fram på same måte.
Hald fram heile vegen rundt.
 
6. Klar - ferdig - kakefest!
 
 

 
Så var det skøyten mellom siste og første rekkja då.
(Skøyten på mi kake ser du på biletet over.)
Eg forsøkte å dra frostingen på siste
rekkja så tett opp mot første rekkja som mogleg,
for så å dra ein kniv oppover langs "ryggen" på første rekkja
for å dra vekk overskytande frosting.
O jess. DET må vera ein av mine store øyeblikk kva setningsformulering angår!
Men ja, eg håpar du forstod kva eg meinte.
 
Oppskrift på kaka eg bruker her finn du i dette innlegget.
Du kan sjølvsagt bruke akkurat den kaka du vil,
men eg vil tru det er lettast å leggje frostingen
på denne måten om du bruker ein smørkrem.
Eg vil tru det går fint også med ei vanleg kremkake,
men kanskje lettare å få til dei første gangane med ein fastare krem som ikkje
byrjar å renne om den blir ståande ei lita stund i romtemperatur?
 
 
Håpar dette var mogleg å forstå!
Lykke til!
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar