onsdag 2. januar 2013

Lilla lilla lilla...

 
Lilla blomster.
Lilla perler.
Lilla øyenstikkar.
Kvilande på ein bunn av lilla fondant...
 




 
Sukkerbunn med vaniljekrem og rørte bringebær
(eg har ein del av dei, som du kan lese om her!).
Då frøken søster som stod som mottakar ikkje er noko glad i marsipan,
kledde eg kaka med fondant.
Eg har lest litt ymse om korvidt det er lurt å bruka fondant på kremkaker
(meiner å ha lest at nokon har opplevd at fondanten "smeltar"),
men dette er mi andre kremkake med fondant utan teikn til at den flyt utover.
Kan vere flaks.
Brukte her ferdig kjøpt fondant,
og åh! kor god den er å arbeide med!


 
Søstra mi og eg deler vår hysteri når det gjeld sneglar
(blir uvel ved tanken...),
men ho har funne ut at øyenstikkarar - dei kan ho like.
Så då måtte det jo bli som det blei.
Øyenstikkar, her dekorert med lilla perler i ulike storleikar.

 
Dette var kake nummer to laga til bursdagssøstra mi på nyttårsafta.
Det fantes også eit tredje kakeprosjekt,
eit forsøk på ein croquembouche i samarbeid med mor mi.
Eit tårn av små vannbakkels,
lekkert dandert med karamell.
Karamell ja. Det som blei litt varmt, var det ikkje...?
Kledeleg beskjedent hadde me konkludert med at å lage eit fint tårn på denne måten
kunne no ikkje vere så vanskeleg.
Det skulle no jaggu meg la seg gjere å få det minst lika fint som enkelte me fann
bileter av på nettet.
Tenkte me. Som sagt, i all beskjedenhet.
Og vannbakkelsen blei fin den!
Det blei og runde ein og to då eg skulle setja tårnet saman.
Berre det at karamellen liksom ikkje ville henga på vannbakkelsen...
Eg trengte fleire hender og spurte mannen i huset fint om assistanse.
Utolmodig lot eg han ikkje fullføre stega inn på kjøkkenet før eg prøvde vidare.
Så han kunne berre snu att,
og heller setje seg i bilen og kjøre å kjøpe noko som lindra brannsår.
Au.
Flytande, brennheit karamell funka visst dårleg rett på huden.
Det viser seg at refleksen å "tørke den vekk" med eit papir funka minst like dårleg,
då du liksom tørker vekk huden i samme slengen.
Eg skal ikkje påstå at det var all verdens stort brannsår,
men stort nok til at resten av vannbakkelsen havna i ein haug på fatet
- og karamellen blei rista FORSIKTIG på toppen.
Nokså godt smakte det uansett.
 
Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar