onsdag 23. januar 2013

Lunsjvafler med ost og skinke!

 
Frukost?
Lunsj?
Kvelds?
Eller kanskje ein ny vinnar på tur,
om du er så heldig å eige eit vaffeljern til bruk på bål!
 
Vafler med ost og skinke!
 

Sånn plutseleg her for nokre veker sidan blei eg frykteleg matlei,
og frukost og lunsj kan fort bli noko
så spennande som tørre husman-knekkebrød...
Då er det kjekt å kunne lage noko heilt anna av og til!
Eg har for tida fått vafler på hjernen,
og hadde lyst å lage ei salt utgåve.
Eg meinte eg hadde sett ein variant av dette på Mat på bordet,
og leita meg der fram til hennar variant av vafler med ost og skinke.
Eg laga meg ein belgisk vri,
med nokre små endringar i ingrediensane.
 


  
Mjuke og gode vafler,
med ei sprø skorpe.
Smak av parmesan og cheddar,
toppa med skinke.
Krev litt meir enn å leggje ost og skinke på eit knekkebrød,
men er verdt den ekstra innsatsen.
 
 
Godt for store magar,
og tydlegvis godt for små magar.
Men no puttar no denne knerten vår ALT han får tak i i munnen då...
 
 
 
 
Håpar du fekk lyst på lunsjvafler du og!
Ha ein fin dag!
 
 
 
------------------------------------------------------------------------------------
Slik laga eg lunsjvaflane:
 
Finn fram ei god vaffeloppskrift, enten for vanleg vaffeljern eller den belgiske varianten.
Reduser sukkermengda i vaffelrøra di til omlag 1/3 av opprinneleg mengde.
Eg brukte denne oppskrifta som eg fann på MatPrat sine sider,
men brukte 40 gram sukker i staden for 100 gram som oppskrifta tilsa.

I tillegg hadde eg i 4 ss nyrevet parmesan i røra.
 

Vaflane blei gode, men eg synes dei kunne gjort ein betre jobb med framgangsmåten.
Eg anbefaler deg å tilsetje mjelkeblandinga og mjølet vekselvis (i staden for alt mjølet i starten).
Eg skulle raskt og gale røre saman røra,
og det blei mest gale, og på ingen måte raskt...
I følgje oppskrifta skulle du byrje med å blande eggeplommer,
sukker, salt, vaniljesukker og mjøl.
I det eg hadde i mjølet skjønte eg at det her,
det kan ikkje vera særleg lurt...
Det var det ikkje.
Eggeplommane klumpa seg sjølvsagt i alt mjølet,
og eg endte opp med å blande i væska og så SILE røra mi...
Og nei, å sile ei tjukk vaffelrøre er ikkje gjort i ei fei.
Æsj då.
Men alt i alt, så endte det godt.
Når du steiker vaflane har du først røre på vaffeljernet,
så 1 ss revet ost og 1 ss finstrimla skinke,
før du lukker vaffeljernet.
 
 
Eg brukte cheddar,
og kom til at det nok var ganske ok å bruke ein ost med litt smak.
 
Lykke til!
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar