torsdag 31. januar 2013

Mandelmjelk, faktisk!

 
Heimalaga mandelmjelk!
Av alle ting.
 

 
Inspirert av siste nummer av Maison Mat & Vin
gjekk eg i gang med heimalaga mandelmjelk.
Enn så lenge har mandelmjelka fått plass på ei fin lita glassflaske,
så får me sjå kor vegen går vidare...

 

 
Oppskrift:
Legg 100 gram mandlar i vatn over natta.
Skift vatn og kok mandlane i 1-2 minutter.
Skold mandlane og ha dei over i ein liten blender.
Kok opp 4,5 dl vatn og hell over mandlane.
Kjør på middels/høg hastighet i blenderen i omlag 2 minuttar
til mandlane er heilt finmala.
Sil mandelmjelka gjennom ei sikt, kledd med
ein finmaska bommulsduk/klut slik at du får vekk alle
restane etter mandlane, og sitt igjen med ei lett og fin mandelmjelk.
 
 
I følgje Maison Mat & Vin kan mandelmjelka mellom anna 
brukast som base til vaniljemjelk, i staden for vatn eller mjelk i havregraut,
og som utgangspunkt for kakao!
Eg har tenkt å hive meg i gang med fleire av desse.
Stay tuned... ;)

 
 
Ha ein fin dag!



 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar