mandag 7. januar 2013

Perlepynt


Ein aldri så liten DIY.
Som seg hør og bør i denne bloggverda.

1. Finn eit motiv eller mønster du vil ha på kaka.

2. Overfør motivet til eit bakepapir.
3. Legg bakepapiret med mønsteret opp på kaka du vil pynte.
4. Bruk ei nål og stikk små hol langs motivet,
gjennom papiret og ned på kaka.
5. Følg den no stipla linja på kaka og teikn motivet på kaka.
Eg teikner her med pastafarge ved hjelp av ei tannstikke.
6. Pensle matlim på motivet og legg på perler i ulike storleiker
til du er nøgd med resultatet.


 
 

Ikkje verre enn det, faktisk!
 



Lykke til!

2 kommentarer:

  1. Do Tora du Tora, du e no flink(lura på kven du har det etter?)Men ka betyr DIY. Det vert for vanskeleg for ein gamal skrott, so her må du hjelpa. Er det skrivefeil? Eg ser eit dyr, og det liknar litt på DIY

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har no alltid vore så glad i perler og blonder og slikt, så det kan no ikkje vera så vanskeleg å forstå kven eg tek DET i frå??
      Og ein "gammal skrott" som har tatt i bruk både nymotens mobil og iPad må setja seg inn i nymotens ord. DIY, kjære mor, står for "Do It Yourself" - på godt norsk!
      Når det er sagt, du er ikkje så reint lite flink du heller, som klare kommentera å greier!;)

      Slett