fredag 25. januar 2013

Red velvet kake med friske bringebær

 
 
Red velvet kake
- med haug på.
Haug i form av mykje godt...
 

 
 
Red velvet kake.
Noko mindre hemmelighetsfullt
snakkar me om ei mild sjokoladekake,
som skal vera knallande raud.
Her er mi red velvet kake med haug på!
"Haugen" i det heile består av ostekrem
og rosa krem med smak av vanilje.
Og så det beste med heile kaka,
friske bringebær!



 
Oppskrifta er henta frå ein av mine topp tre 
bloggfavorittar, Sweetapolita.
Nei veit du, eg trur me seier topp to eg!
Ho har dei FINASTE kakene,
og går verkeleg inn for å dela dei BESTE oppskriftene.
I følgje bloggfrøkna baka ho ei kake for dagen
i 8 dagar for å komme fram til oppskrifta til kaka eg deler i dag.
For så å bruke nokre dager på å finne rett fyll...
Då treng ein liksom ikkje leite etter noko anna oppskrift då.
Eg liker små kaker,både fordi eg synes det er søtt,
og fordi det tross alt skal etast og...
Så eg gjorde litt om på oppskrifta og tilpassa den til ei 16 cm kake!





Eg er på dag to på kaka,
og den held seg framleis mjuk og god.
 
Ei mektig og søt (og høg) kake,
som ei ekte amerikansk bloggkake skal vere.
Men midt inne i herlegheita av smør og sukker
finn du den friske ostekremmen,
og dei herlege søte små friske bringebæra!
Eg forelska meg verkeleg i bringebæra i denne kaka.
Dei gjorde liksom noko veldig riktig med kaka...


Ha ein god fredag,
og ei super helg!




---------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrifta ser gjerne litt overveldande ut... Men gje den ein sjanse, og konsentrer deg om ein del om gangen, så vil du forhåpentelegvis meine det er verdt det du og!

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar