lørdag 19. januar 2013

Sommarfuglkake til Hanna!

Tenk å bli 5 år!
Vere 5 år og ha bursdag...
Eg skulle ønske eg kunne feire min 5 års dag i dag eg.
Då ville eg hatt ei rosa kake!
Og krona!
 
 
Men, i dag er det Hanna som har bursdag.
Og eg håpar ho ønska seg ei rosa kake ho og!
 

 
Mammaen til Hanna gav meg stikkorda
rosa, kvit og sommarfuglar.




 
Eg prøvde meg på sommarfugl i royal icing til å ha på toppen,
og det stikk meg litt i hjerta at den ikkje fann vegen til bursdagsbarnet.
For eg synes den blei søt eg?
Då eg øydela to av fire sommarfuglar under pyntinga
(eg hadde frykta dei tolte lite, så eg laga ein del ekstra...),
våga eg ikkje sende den skjøre sommarfuglen på biltur.
Så på kaka til bursdagsbarnet var sommarfuglen på toppen av kaka 
på bileta her bytta ut med fleire mindre sommarfuglar i marsipan.
Eg tenkte det var betre enn å risikere ei kake med øydelagt topping...
Ein knekt sommarfugl,
tristare enn det blir det liksom ikkje.
 
 


Sjokoladekake med sjokoladesmørkrem, rørte bringebær og fondant
- etter ønske frå bursdagsjenta.
 
 
 
 
 
 
 
Gratulera med dagen til bursdagsjenta!
Ha ein fin dag alle!
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar