fredag 18. januar 2013

Vanilla sprinkle sandies?

Eller søte fargedråpar!
 
 
Jula er kasta ut for lengst,
og eg leeengtar etter friske fargar og vår i huset!
Medan eg ventar på å få gulmaling i hus (stakkar kjøkkenstolane våre...)
passa det jo då perfekt at bloggfrøkna på Sprinkle Bakes
laga Lemon Sprinkle Sandies i all verdens glade fargar.
Eg droppa sitronen, men behaldt FARGANE!
 

 


 
Ironisk nok minna kjeksa meg mest om julekaker...
Serinakaker, er det det dei heiter?
Slike søte, små, som smular noko voldsomt når du et dei?


 
O herlege fargar!
 


 


I dag har eg kost meg med rosa
til ei lita jente som fyller 5år.
Satsar på resultatet dukkar opp her inne i løper av helga.
 
GOD HELG alle søte!
Lag ei fargerik ei!
 
 
 
Og ja, sjekk at du bruker riktig mengde mjøl!
Eg klarte å bruka 60 gram i staden for 240 gram...og det viste seg å utgjera ein forskjell. Merkeleg nok.
Flaks eg prøvesteikte 2 kuler og dermed oppdaga tabben.
Så no ligg resten av dei fargesprakande deigkulene i frysen og ventar på at eg skal finne på noko lurt å bruke dei til!
 
------------------------------------------------------------------------------------------
 


 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar