mandag 21. januar 2013

Varmande grønnsaksuppe

 
Enkelt.
Sunt.
Godt.
Betre enn det blir det vel eigentleg ikkje?
 
Tips til ei varm og god suppe ein strålande vinterdag!
 

 
Gulrot.
Kålrabi.
Sellerirot.
Poter.
Kål.
Løk.
Purre.
Salt kjøtt eller pølser.
Vatn og kjøttbuljong.
Salt og peppar.
 
Legg til eller fjern grønnsaker alt etter kva du likar,
eller kva som måtte befinna seg i kjøleskapet!
Har du mulighet å lage kjøttkraft i staden
for å bruke buljong er det endå betre!
Eg hadde liggjande noko avskjær i frysen frå tapasribba eg laga rundt jul,
og kokte kraft på denne.
Men, eg hadde i tillegg i litt buljong,
då eg ikkje synes ribba gav den heilt gode krafta...
Eg vil tru at å koke kraft på salt kjøt nok er å foretrekke!
 
Skrell, kutt og kok dei mengdane du ønskjer av kvar grønnsak
i vatn med litt kjøttbuljong.
Ha i kokt kjøtt eller pølser heilt til slutt.
 
Eg synes suppa er best om ein framleis kan tyggja litt på grønnsakene,
og passer derfor på å ikkje koke dei for mykje.
Husk på at nokre grønnsaker treng lengre tid enn andre for å bli kokt.
Eg slenger dei i panna i rekkefølgja over, etterkvart som eg skrellar og kuttar.
Då pleier det gå sånn nokolunde!
Smak til med salt og peppar,
og server rykande varm!
 

 
 
Her blei suppa laga i går,
og ete til lunsj i dag etter første skøytetur på MANGE år
(så mange at me ikkje klarte rekna oss tilbake i tid, men me snakker nok 10+...).
Jaggu godt ein hadde ei barnevogn å halde seg i...
Perfekt å komme inn i varmen etter ein tur i iskald vinterluft,
og så kunne styrke seg på ei varm og god suppe!
 
 
Ha ein fin mandag!
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar