lørdag 23. februar 2013

Bok- og klovnekake!

 
...og eit kapittel som er over?



 
Som ein del av barnehagekampanjen til Noregs mållag,
skulle det lokale mållaget samle små til ein kveld
med nynorske bøker og klovner i hovudrolla.
Og når eg blei spurt om å lage ei kake,
då er det klart eg stolt og glad svara JA!
 
Bøker og klovn var tema på kvelden,
då er det klart at kaka måtte stå i stil!
 
 


 
Sjokoladekake med sjokoladesmørkrem.
Trekt med marsipan, og pynt i fondant.
 

 
Det har blitt nokre kaker til barn i det siste,
og eg har innsett at dette er SÅ kjekt!
Mykje fargar.
Glade figurar.
Og det beste av alt,
å sjå eller få høyre at dei små gleda seg over kaka!
 
Så var det dette kapittelet som var over då?
Etter nesten eit år heime med vesle knerten vår,
er permisjonen min no over.
Livet i denne bobla er forbi.
Mandag er det på tide å vende tilbake til verkelegheita.
Eg hadde tenkt at det ville vere sånn,
at når permisjonen var over ville det vere sårt å skulle
vende tilbake til kvardagen med jobb igjen.
At det ville kjennast vemodig og som at noko tek slutt.
Men det kjennest egentleg ikkje så sårt ut.
Sjølvsagt ville det vere fint å vere i den situasjonen at ein kunne
vere heime til knerten var endå litt større.
Men faktisk så kjennest det litt greit ut å skulle byrje att å arbeide.
Iallefall så lenge pappen er heime med knerten.
Det blir godt å få litt struktur på dagane igjen,
og få vere kun seg sjølv igjen nokre timar for dagen.
Joda. Klart eg utan problem kan setje meg ned å grine over at tida flyg.
Og joda. Klart det er trist at dette kapittelet i livet er over.
 
Men veit du. Eg gleder meg til å glede meg.
Til å komme heim frå jobb å framleis ha nokre timar igjen av dagen.
Til å sjå fram til helga, og til å bli flinkare å fylle den med
kjekke ting saman med knerten min og andre.
Til å kunne gå på jobb, til ein jobb eg liker og som eg synes gjer meining.
Til ein heilt ny kvardag!
Eit kapittel er kanskje over.
Men då opnar me berre ei ny bok då vel!
 
Og for å avslutte noko seigt og klissete...
Kanskje denne draumebobla eg har levd i eigentleg er den nye verkelegheita?
Om enn litt klissete, så er det ein god tanke å tvihalde på
medan eg overbeviser meg sjølv om at det blir godt å byrje att å arbeide,
og iherdig prøver å unngå å setje meg ned å sjå på bileter 10 månader tilbake i tid...
 
Men(!)... Noko som blir annleis er korleis eg kan velgje å prioritere tida.
Og noko av det som må rykke nedover på lista er nok bloggskriving.
Mat og ikkje minst kaker, står nok like høgt på lista mi framover,
så kanskje eg vil prioritere å halde liv i denne draumebobla mi her også.
Men enn så lenge får bobla her leve sitt eige liv ei stund.
Så kanskje eg dukkar opp igjen.
Plutseleg.
Om ei veke.
Eller to månader.
 
Er du på facebook, og har lyst å følgje kakebakinga mi
så klikk deg gjerne inn på www.facebook.com/kakebobla .
 
 
For denne gang, takk for meg!
Kven veit, plutseleg er eg her igjen!
 
Ha ein fin kveld,
og nyt resten av helga!
 
 
 
 

4 kommentarer:

  1. Hei !

    Jeg jobber for nettstedet Alleoppskrifter.no der brukerne kan søke gjennom titusener av oppskrifter fra norske mat nettsteder og blogger.

    Jeg la merke til at du har et stort antall smakfulle oppskrifter i bloggen din og jeg vil gjerne foreslå deg til å ta en titt på vår Topp Mat Blogg seksjon her: http://www.alleoppskrifter.no/matbloggtoppen

    Hvis du ønsker å legge din blogg til listen på Alleoppskrifter.no, er alt du trenger å gjøre å følge instruksjonene her: http://www.alleoppskrifter.no/ga-med-i-matbloggtoppen

    Vårt konsept er allerede live i de andre Skandinaviske landene, samt i Sør- og Sentral-Europa, og vi leverer tusenvis av besøkende til mat bloggerne daglig. Noen av de beste mat bloggerne får 10.000 + besøkende fra oss på en ukentlig basis.

    Forhåpentligvis vil din blog også være opp i toppen!


    Varme hilsen,
    Christina
    http://www.alleoppskrifter.no/

    SvarSlett
  2. Heilt fantastisk kake Tora! Eg blir heilt mållaus av kva du får til. Lykke til når du skal tilbake i jobb igjen, eg er ikkje i tvil om at du får til ei kake i ny og ne sjølv om du jobbar 😀 Klem frå Siri på Stord

    SvarSlett
  3. Flott kake! Trur det er den finaste eg har sett. Lykke til på jobb igjen Tora, trur ikkjedet blir slutt på kakebaking allikevel 😉 Klem frå Siri på Stord

    SvarSlett