søndag 10. februar 2013

Converse til ein liten tøffing!

 
I dag feira ein liten Gabriel August sin namnefest,
saman med sine nære.
Ei kake frå meg fekk vere med på feiringa.
Og det synes jo sjølvsagt eg er stas!
Då får eg liksom vere med å feire litt eg og,
på ein måte.
 




Converse sko og små blomstrar i lyse blåtonar.
Og striper, stjerner og sølv for å gjere kaka litt tøffare,
slik at den passar til ein kul liten ein!
 
Etter bileta var tatt kom det også blå bokstaklossar i forkant av kaka,
og namnet til gutten og dato for namnefesten blei skrevet på kaka.
Og fødselsdato blei skrevet frampå eine skotuppen!
 


 
Marsipankake med makronbunn, rørte bringebær og vaniljekrem.
 


 

Håpar du har hatt ei fin helg!
Nyt siste rest!
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar