tirsdag 12. februar 2013

Gnocchi med urter og spinat

 
Potevarianten av pasta?
Ein god måte å gje poterestar eit nytt liv.
Kan lagast eit par dagar på forhånd,
noko som er supert om du har gjestar
eller skal ha ein kjapp middag.
 
Gnocchi.
Her med urter og spinat!
 

 
Grunnoppskrifta til gnocchi har eg funne i siste nummer av Maison Mat & Vin.
 
500 gram poter, kokte
150 gram kveitemjøl
1 egg
Salt
 
Mos kokte poter saman med salt.
Ha mjølet på kjøkkenbenken og fordel potestappen over.
Lag ei grop i potestappen, og knekk over eit egg.
Elt saman til ein smidig deig.
Tilsett evt. meir mjøl om nødvendig.
 
Del deigen i mindre emner og rull pølser med 1 - 1,5 cm diameter.
Kutt 2-3 cm lange bitar.
Bruk dei som dei er, eller trykk ned undersida
av ein gaffel slik at du får eit stripemønster.
 
Kok opp vatn og tilsett gnocchien.
Kok i 2-3 minutter, til gnocchien flyt opp til overflata.
Kok gnocchien i fire omgangar, slik at panna ikkje blir for full,
og slik at du har god kontroll på koketida.
 
Legg gnocchien over på eit fat og gjer klar resten av ingrendiensane.
 
Spinat og urtepesto:
4 ss pinjekjerner
4 ss revet parmesan
2 ts timian (GJERNE frisk om du har)
2 fedd kvitløk, finhakka
1/4 sitron, finrevet skall og safta
8 ss olivenolje
Salt og pepper
Eit par handfuller finsnitta spinat
Bland alle ingrediensane utanom spinaten.
Steik gnocchien i litt smør.
Når gnocchien er gylden og har fått ei fin steikeskorpe
rører du inn urtepestoen.
Ha til slutt i den finsnitta spinaten og la den berre såvidt verte varm.
 
 
Enkelt og godt,
til både lunsj og middag.
Prøv deg gjerne fram med andre urter!
 
 
Ha ein fin dag!
Håpar sola skin der du er og!
 
 
Då eg ser at permisjonen går skremmande fort mot slutten,
oppretta eg i går ei facebookside der eg kjappare kan laste opp bilder.
Dersom eg ser at tida ikkje strekk heilt til til både jobb, mammarolla OG bloggskriving
kan eg i det minste få dele kakebileta mine.
Ta gjerne ein kikk om du vil! Du finn sida under namnet Kakebobla!
 
 
 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar