lørdag 2. februar 2013

Havregrynsgraut med mandelmjelk!


Eg held fram mitt 'prosjekt mandelmjelk'!
 

Her kjem ein snikkikk på lunsjen vår i går.
Inspirasjon er henta frå siste nummer av Maison Mat & Vin.
Mandelmjelka finn du meir om her!
 

 
Rund, fin og fyldig.
Akkurat så søt at du kjenner eit hint av honning.
Rista mandelflak gjer noko å tyggje på,
og tynne syrlege epleskiver gjer grauten meir frisk.
 

 
Me synes den blei god,
og eg kjem garantert til å lage dette igjen!
 
 
GOD HELG!
 
Ja og foresten, kakao med mandelmjelk fallt ikkje heilt i smak her i huset,
og dukkar ikkje oppe her inne. Til kakao gjer Dagros jobben best endå, synes eg!
Så, 'prosjekt mandelmjelk' har foreløpig komme til ein ende.
 
---------------------------------------------------------------------------------------------
Oppskrift til 2 porsjoner:
 
2 dl havregryn, lettkokte
2 dl mjelk
1 ts honning
Frø frå ei halv vaniljestang
Ei klype salt
 
Bland alle ingrediensane og kok grauten i 2-3 minutter,
eller til passe konsistens.
 
Server med tynne skiver eple, kanel og nokre lett rista mandelflak.
 
 
 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar