mandag 11. februar 2013

Minecraft

 
Minecraft-kake til ein bursdagsgutt?
Jaha?
Det krevde ein del tid på google og pinterest,
og ein liten tur innom den offisielle nettsida til Minecraft for inspirasjon.
Neste steg var å setje mannen i huset på saken,
men eg kom til at eg ikkje kunne kommandere han til eit par timar i sofaen,
med kaffi i koppen og dataspel...for min del liksom.
DET ville vere å kreve litt i overkant, ville det ikkje?
 
Uansett, slik blei mi minecraft-kake...



 
3 timar og 666 marsipanbitar tok det meg å dekke kaka...
Eg valgte å ikkje ta det som noko dårleg teikn at antall marsipanbitar
stoppa på eit i utgangspunktet negativt lada tall.



 
Om fleire enn meg er blank på området,
så kan eg vidareformidle at slik eg forstår det er Minecraft eit
spel der ein byggjer sin eigen verden av klossar?
Alt er bygd opp av desse klossane, både trær, folk og blomstrar...
(derav forsøket på ein noko forvirra type lenger oppe her, som funderer på kva denne ballen er...)
Kva ein så bedriv tida med i denne verda er for meg ukjent.
Det seier sjokoladekaka ingenting om!

 
 
Enkel sjokoladekake med sjokoladesmørkrem.
Sidene er 16 x 16 cm, og kaka er 11 cm høg.





Kjekt med noko annleis!
Ha ein fin dag!

3 kommentarer:

  1. Fantastisk!!! Ska sei!! Alt du får te! Mine to guttar har iallefall lagt inn ønske om sånn kake til sine bursdagar! Godt dei har bursdag i november og desember seier berre eg.. ;) Ha ein flott dag Tora!

    SvarSlett
    Svar
    1. :) Om ein berre har litt (haugevis) tolmodighet, så er eigentleg denne kaka ganske enkel! Berre eit plukkarbeid utan like med alle marsipanbitane... ;) Dette fikser du! Men så kan jo mykje skje i forhold til kva som er kult før november og desember veit du! ;) Ha ein fin kveld!

      Slett
  2. Å hallo! Det var kaka si det :-) Den hadde lillebror her i huset likt godt, han er totalt hekta på Minecraft. Takk for fine ord, Tora.

    Klem Eli

    SvarSlett